Ragnar Hovland

Ragnar Hovland

Ragnar Hovland er fødd i Bergen og såg første gong dagslyset i 1952. Han vaks opp i Bergen, Fusa, Sogn og Stavanger, og flytta så attende til Bergen for å studere. Frå 1980 budde Hovland 11 år i Kvinnherad. Sia har han helde seg bufast i Oslo, godt skjerma mot lågtrykk og stormar frå vest. 

Hovland si formelle utdanning er frå Universitetet i Bergen, der han er cand.philol. med faga engelsk, fransk og litteratur. Skrivinga tok til på gymnaset, men det var først i studietida han fekk sine første tekstar på trykk. Ragnar Hovland debuterte som romanforfattar i 1979 med Alltid fleire dagar. 

I løpet av om lag 30 år som forfattar har Hovland skrive ei rekke romanar, noveller, dikt, essays, skodespel, revytekstar og barnebøker. I tillegg har han omsett bøker både for barn og vaksne. Han har også virka som lærar og har undervist fem år i skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Dei seinare åra har Hovland arbeidd som forlagskonsulent for Det Norske Samlaget. 

Sjølv om dei fleste kjenner mest til den litterære sida av Hovland, driv han også med kulturelle krumspring på andre arenaer. Mellom anna spelar han keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane, og samstundes er han også med i ei friteatergruppe. Eitt av Hovland sine varemerke er ei god blanding av humor og alvor, og dette kjem i rikeleg monn til syne anten ein møtar han mellom to permar eller på scena. 

I 1997 var Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela, og i mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen. Utnemninga til festspeldiktar i 2008 vart mellom anna grunngjeven med at «Hovland er den norske kultforfatteren fremfor noen. Ironisk naivisme og hverdagslig surrealisme er noen av de merkelappene man kan sette på Ragnar Hovlands litterære univers».

Hovland er omsett til fleire språk, og har særleg hatt appell til lesarar i Tyskland. Han har motteke ei rekke prisar, mellom anna Kritikarprisen både i 2006 for Fredlaus og i 2001 for Ei vinterreise. Fleire av novellene og bøkene til Hovland er filmatiserte.

 

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2010   Gummi-Tarzan innb.
2010   Frosken og fuglesongen innb.
2010   Frosken og den vide verda innb.
2010   Den første slurken med øl hefta
2009   Hunden frå Baskerville innb. | hefta
2009   Den beste låta innb.
2008   Ved arken klokka åtte innb.
2008   Nikolai Astrup – eit liv innb.
2008   Lise og Lotte eller omvendt innb.
2008   Juleglimt innb.
2008   Flørteboka innb.
2008   Dr Munks popleksikon innb.
2008   Damms leseunivers 2 stifta
2007   Lengselens bok hefta
2007   Georgs magiske medisin innb.
2007   Fotball innb.
2007   Det store spørsmålet innb.
2007   Charlie og sjokoladefabrikken innb.
2006   Heia, Kalle! innb.
2006 2010 Fredlaus innb. | cd | hefta | lydfil
2006   Bø og Bæ får besøk innb.
2006   Bymusikantane i Bremen innb.
2006   Brevet hefta
2006 2010 1964 innb. | hefta | cd | lydfil
2005   Skal det være sånn??! innb.
2005   Piratar innb.
2005   Brannmenn innb.
2004   Ved sjøen innb.
2004   Skogen innb.
2004   Skatten på Sjørøverøya cd | lydfil
2004   Savannah Bay hefta
2004   For eit godt ord hefta
2004   Bjørnen Alfred og Hunden Samue lydfil
2003   Universet innb.
2003   Riddarar og riddarborger innb.
2003   Finske dagar og netter innb.
2003   Epikurs hage hefta
2003   En amorøs reise innb.
2003   Detektivforteljing innb.
2002   Verdt å vite (trur eg) innb.
2002   Norske gleder innb.
2002   Kjærleikboka innb.
2002 2008 Gullfisken innb. | hefta
2001   Synd.no innb.
2001   Hokus bokus 1 stifta
2001   Frosken og rotta innb.
2001   Frosken og haren innb.
2001 2002 Ei vinterreise innb. | hefta
2001 2007 Eg vil at nokon skal vente på meg innb. | hefta
2000   Ørsmå gleder innb.
2000   Tida og rommet hefta
2000   Roberto Zucco hefta
2000   Psst! hefta
2000   Den røde ballongen innb.
2000   Bø og Bæ i skogen innb.
2000   Bø og Bæ blir våte innb.
1999 2006 Åleine i Alpane hefta
1999   Eplemos mot kjærleikssorg innb.
1998   United innb.
1998   Jeg elsker deg innb.
1998 2007 Frans og lærar Sikksakk innb.
1998   Den melankolske vaktposten innb.
1997   Waterloo hefta
1997   Halve sanninga innb.
1997   Bø og Bæ til sjøs innb.
1997   Bø og Bæ gjer reint innb.
1997   Alvekongens dotter innb.
1996   Norrøne gudar innb.
1996   Månen har tenner av elfenbein hefta
1996 2007 Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville innb. | hefta
1996 2004 Dr. Munks testamente innb. | hefta
1996   Bø og Bæ i vinden innb.
1996   Bø og Bæ i festhumør innb.
1995   Vegen til Navan hefta
1995   Natt i nytt hus innb.
1994   Snorre for ungdom innb.
1994   Eline og Julie tar ferja innb.
1994   Ein dag i Sherwoodskogen innb.
1993 2004 Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt pappkartongen innb. | hefta | cd
1992   Over Bali og Hawaii hefta
1992   Langs kvar ein veg hefta
1992 2010 Ein motorsykkel i natta innb. | hefta | cd | lydfil
1992   Ei lang reise innb.
1991 2006 Paradis innb. | hefta
1991   Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd hefta
1990   Novellevår 90 innb.
1990   Konspirasjonar innb.
1989   Skrivestadier hefta
1989 2010 Sjølvmord i Skilpaddekafeen innb. | hefta
1989 1991 Mercedes innb. | kassett
1988 2006 Utanfor sesongen innb. | hefta
1988   Love Me Tender hefta
1987   Landet på den andre sida innb.
1987   Folk flest trur ikkje på fuglar innb.
1987 1999 Emil og kaffikokaren innb.
1986   Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr innb.
1985   Professor Moreaus løyndom innb.
1985 2004 Elefantmusikken innb. | hefta
1984   Bussen til Peking hefta
1983 2009 Under snøen innb. | hefta
1983 1992 Jakta på Salamanderen innb. | kassett
1982 2008 Sveve over vatna innb. | hefta
1981 Vegen smal og porten trang innb. | hefta |
1981   Den flygande sykkelen og andre forteljingar innb.
1980   Det får stå til innb.
1979 1993 Alltid fleire dagar hefta | innb.

Prisar og utmerkingar

 


 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *