Personvern

Personvern


Bokdykk følgjer retningsliner for handsaming av personopplysingar, jamfør Personopplysingslova av 1.1.2001.

Bokdykk lagrar informasjon som er naudsynt for å kunne yte gode tenester og levere varer til kundane. Når du abonnerer på nyheitstenesta vår, vil e-postadressa verte lagra hjå bokdykk.no til du melder deg av nyheitstenesta. E-postadressa vil ikkje i noko høve verte formidla vidare til tredjepart.

Om du handlar varer på bokdykk.no, vil namn, adresse og leveringsinformasjon i tillegg  verte lagra hjå Fagbokforlaget som tar hand om utsending av varer. Alle personopplysningar vert handsama konfidensielt og i tråd med Personopplysingslova.  

Du kan ta kontakt med oss på telefon 577 54 570 eller post@bokdykk.no  for å få vite kva for informasjon vi har lagra om deg. Om du ikkje har økonomiske skyldnader til Bokdykk, kan du når som helst krevje at all informasjon om deg vert sletta frå våre register.

Google Analytics og informasjonskapslar
Bokdykk nyttar Google Analytics, som er ei teneste for nettanalyse. Google Analytics bruker informasjonskapslar (“cookies” ), som er små tekstfiler som vert plasserte på datamaskinen din. Dette vert gjort for å hjelpe Bokdykk å analysere korleis brukarane nyttar nettstaden. Informasjonen som vert samla inn, medrekna IP-adressa di, vert lagra på serverar hjå Google i USA. Google vil bruke informasjonen for å vurdere bruken av nettstaden, lage rapportar til Bokdykk om aktiviteten på nettstaden, samt for å yte andre tenester knytte til aktiviteten på nettstaden og bruken av internett. Google kan overføre denne informasjonen til tredjepartar om det ligg føre rettslig plikt til dette, eller om slike tredjepartar handsamar informasjonen på vegne av Google. Google vil ikkje samanstille IP-adressa med andre opplysingar som er lagra hjå Google .

Du kan seie nei til å bruke informasjonskapslar på datamaskinen din om du gjer justeringar på nettlesaren din. Ver merksam på at om du gjer det, vil du kanskje ikkje ha høve til å nytte alle funksjonar på nettstaden. Når du brukar bokdykk.no,  godtek du samstundes at Google handsamar opplysingar om deg på den måten og for det føremålet som er gjort greie for ovanfor.