Olav H. Hauge

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge vart fødd i Ulvik i Hardanger i 1908. Foreldra Håkon Hauge og Katrina Hakestad dreiv gard. Den sentrale, men likevel så løyndomsfulle H’en i namnet står dermed logisk nok for Håkonsson etter faren.

Etter folkeskulen og privat mellomskule i Ulvik, var eit alternativ landsgymnaset på Voss. Men Hauge såg seg ikkje flink nok i matematikk til å ta fatt på ein slik skule, og enda derfor opp med ei meir jordnær utdanning som gartnar.

Den første spede starten på Hauge si dikting var så tidleg som i 12-årsalderen. Ti år seinare begynte han å sende inn dikt til ulike aviser og tidsskrift, og fekk med tida stadig meir av produksjonen sin på trykk. Han dreiv med dikting til alle tider, men debuterte først som 38 åring med diktsamlinga Glør i oska i 1946.

 

DU VAR VINDEN

Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden.
Var det den leidi eg skulde?      
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind!  

 

Illustrasjon: Solvår Wågø

 


Hauge sine kjenslevare, jordnære og på eitt vis enkle dikt kan ofte tolkast på ulik måtar. Dei kan opplevast på fleire plan, der det meir jordnære og lokale fører lesaren over i ein meir universell og tidlaus dimensjon. Dette har gjeve Hauge ein stor lesarkrins, ikkje berre i Noreg. Han er omsett til kring 25 ulike språk, mellom anna spansk, italiensk, russisk, engelsk, fransk, islandsk, ukrainsk og ungarsk. Trass i ei ikkje-akademisk utdanning var Hauge også språkkunnig, og gjendikta både frå  fransk, engelsk og tysk. Hauge sin sinnstilstand var periodevis ustabil, og i vaksen alder hadde han tidvis opphald på psykiatriske sjukehus.

Hauge sin litterære produksjon nærma seg slutten utover på 1980-talet. Den siste utgjevinga kom i 1991, med gjendiktinga Frå Rimbaud til Celan; nye dikt i umsetjing. Olav H. Hauge levde heile sitt liv i Ulvik og døydde i 1994, 85 år gamal. Han omtalast som etterkrigsåras største norske lyrikar.

Etter diktaren sin død har det kome ut mange bøker som omhandlar Hauge og forfattarskapen hans. Blant desse er den svært omfattande utgjevinga av Hauge sine dagbøker i perioden 1924 – 1994. Dette verket er delt i fem band med til saman 4000 sider, og gjev eit heilt særeige innsyn i livet til Hardanger-diktaren.

Tekst: Trond Strømgren, publisert 3. november 2008              Foto: Jan Kløvstad

 

Prisar og utmerkingar