olaug-nilssen

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen er født 28. desember 1977 i Florø, men vaks opp i Solheimsdalen i Førde. I 1996 flytta ho til Bergen for å studere og vart verande i 10 år før vegen gjekk vidare til Odda. Nilssen har studert litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen og skrivekunst ved Skrivekunst-akademiet i Hordaland. Ho har og gått på skrivelinja ved Heimly Folkehøgskule på Finnsnes.

I dag er Olaug Nilssen attende i Bergen der ho i august 2008 tok til som leiar for Skrivarkunstakademiet i Hordaland. I tillegg er ho redaktør saman med Gunnhild Øyehaug i litteraturtidsskriftet Kraftsentrum.

Som ein ivreg bloggar og debattant har Olaug Nilssen markert seg som ein engasjert person med sterke meiningar. Ho har kjempa nynorsken si sak med retten til å skrive nynorsk, samstundes som ho har prova at ho har ein penn som er både skarp og morosam med særeigen språkleg flyt. Nilssen har mange ballar i lufta og har vore aktiv som bokmeldar og skribent for ei rekkje tidsskrifter og aviser, der i blant Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Nilssen har òg skrive i Syn og Segn, Vinduet samt Vagant der ho også har vore medredaktør. I Odda var ho med i planlegginga av Litteratursymposiet. No er Nilssen aktuell som bokkommentator i “Signert”-spalta til Dagsavisen. 

Det var som 21-åring at Nilssen debuterte med romanen “Innestengt i udyr”. Sidan 1998  har ho gjeve ut ei samling tilstandsrapportar med tittelen “Vi har så korte armar” som også vart oversett til fransk. Sidan kom barneboka “Ronnys Rumpe” og essaysamlinga “Hybrideleg sjølvgransking”.  

“Få meg på, for faen”(2005) er hennar femte bok, der ho hausta strålande kritikkar.  – Ein forfriskande forfattar, skreiv Dagblandet. – Ein genuin, humorist, meinte Aftenposten. Med denne boka nådde Nilssen ut til ein større lesarskare, og boka vart dramatisert og sett opp på Det Norske Teatret.

I 2006 var Olaug Nilssen årets festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela, og ho heldt opningstala under hundreårsmarkeringa til Noregs Mållag same år. 

 

5 anbefalte av Olaug Nilssen

 Eva Jensen: Den rolege gule hunden med brillene
Uendeleg trist, uendeleg morosamt. Oooooouuuuuu, uler den gule hunden.

Kristine Næss: Rita blir forfatter
Vi ser at forhåpningane hennar er alt for høge. Vi veit at det er sant, ein gang var det vi som var slik.

Tonje Røed: Udødelig med deg
Det klønete og klossete blir framført med stort alvor og utan formildande omstendigheiter.

Ingelin Røssland: Handgranateple
Nei, eg veit ikkje kven eg er, og eg veit ikkje kven eg vil vere, men eg vil bestemme det sjøl likavel.

Marit Eikemo: Samtidsruinar
Årets beste bok. 

20.10.08

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2011   Få meg på for faen eb
2009   Nesten frelst av Sigvart Dagsland innb.
2009   Feste, skrifte stifta
2008   Kraftsentrum. Nr. 7 hefta
2007   Kraftsentrum. Nr. 5 hefta
2007   Kraftsentrum. Nr. 4 hefta
2006   Kraftsentrum. Nr. 3 hefta
2006   Kraftsentrum. Nr. 2 hefta
2005   Kraftsentrum. Nr. 1 hefta
2005   Hybrideleg sjølvgransking hefta
2005 2011 Få meg på, for faen innb. | hefta
2004   Ronnys rumpe innb.
2002 2011 Vi har så korte armar innb. | hefta | eb
1998 2011 Innestengt i udyr innb. | eb

Prisar og utmerkingar