Kundehjelp

Slik handlar du


Søk etter bok

Når du skal finne ei bok på bokdykk kan du gjere dette på to måtar: 

    • Gå i menyen som syner bokutvalet hjå bokdykk og vel frå sjangerlista. (Menyen er plassert heilt til venstre under bokdykklogoen). For å spesifisere søket ditt, vel du undersjanger som passar med boka du vil kike nærare på. Her kan du enten velje emneord i menylista for å spisse søket endå meir, eller du kan bruke sorteringsfunksjonen som ligg rett under menylista til høgre. Her kan du sortere på målform, utgjeve år, forfattar, tittel eller pris. Du kan også velje å bla deg fram til boka ved hjelp av sidevisningsfunksjonen sin ligg til høgre under menylista.
    • Ta eit hurtigsøk ved hjelp av søkefunksjonen som alltid ligg øvst til høgre på bokdykk. Byrjar du å skrive i “søk her”-feltet , startar søkemekanismen å leite etter treff. Du kan halde fram med å skrive søkjeordet ditt. I søkjevindauget får du opp treff på forfattarnamn, boktitlar, bokomtale, emne og/eller serie. Om du ikkje får treff lyt du prøve å spesifisere søket ditt.

 

Handlekorg

 

Legg varer i handlekorga

Lengst til høgre i den horisontale menyen øvst på bokdykk.no finn du handlekorga di.   
For å leggje varer i handlekorga leitar du fram den eller dei bøkene du ønskjer å kjøpe og trykker på knappen “Legg i handlekorg”. Som du ser vert handlekorg-knappen grøn i det du har lagt til bøker. Du kan leggje så mange bøker du ønskjer i korga di, og du får kjapt oversikt over innhaldet og pris på varene når du trykker på handlekorga. Les meir om prisar i våre avtalevilkår.

Det er frå handlekorga du trykkjer deg vidare til kassa for å fullføre kjøpet.

Innhald i handlekorg

I det du kjem til handelkorga får du oversikt over kva du har lagt i handlekorga, kva kvar bok kostar, fraktkostnad og samla totalsum. Her kan du endre antal ved å fylle inn i feltet for antal, eller du kan ta vekk varer ved å trykkje på det raude ikonet med kryss. Klikk på knappen “Oppdater korga” om du har gjort endringar.

Ønskjer du å sjå nærare på varene du har putta i korga, kan du enkelt trykkje på boktittelen for å gå tilbake til bokpresentasjonen. Frå kassa kan du ogå når som helst gå tilbake og handle fleire bøker ved å trykkje på knappen “Handle meir”. Er du fornøgd med innhaldet i handlekorga og klar til å gå vidare i handleprosessen trykkjer du på knappen “Gå vidare”.

Logg inn for å kjøpe

Det er så tid for å logge inn. Er du allereie kunde hjå bokdykk loggar du inn med e-postadressa og passordet ditt. Dersom du allereie er innlogga på bokdykk.no (via “Mi side”) vert du sendt direkte til tredje steg i handleprosessen.

Har du aldri handla hjå bokdykk før må du fyrst registrere deg som kunde. Ved kunderegistrering fyller du inn opplysningar om e-postadresse, vel eit passord, oppgjev namn, leverings- og  fakturaadresse. Det er e-postadressa og passordet du skal nytte fast når du skal handle hjå bokdykk eller når du seinare vil logge inn på “Mi side”. Resten vert lagra hjå bokdykk, slik at du slepp å fylle det ut kvar gong du skal handle bøker. Du kan når som helst endre dei registrerte kundeopplysningane ved å gå til “Mi side” og “Endre profil”. Les meir om oppretting av brukarprofil under “Kundehjelp” >> “Mi side“. 

Leveringsadresse

I tredje steg syner informasjon om leveringsadresse. Kontroller at adressa for levering av bøkene er rett. Adressa kjem opp automatisk og er henta frå dine registrere kundeopplysningar. Dersom bøkene skal sendast til ei anna adresse, eller adressa er endra frå då du oppretta brukar hjå bokdykk, kan du fylle inn eller tilføye i felta for adresse, land og postnummer. For permanent endring kan du gå til ”Mi side” og ”Endre profil” slik at adressa kjem opp rett neste gong.

Du får også oversikt over leveringsmåte. Alle leveransane hjå bokdykk vert sendt som brev eller pakke avhengig av kor mykje sendinga veg. Fraktkostnaden er på kr. 39,- per bestilling uavhengig av leveringsmåte.

Levereringstid og betaling

Siste og fjerde steg gir deg oversikt over bøkene du er i ferd med å bestille og forventa leveringstid på kvar enkelt bok. Dersom ei av bøkene har lenger leveringstid eller det vert forseinkingar, vert som oftast ordren delt slik at ikkje alle bøkene vert forseinka. I slike tilfeller står vi for den ekstra fraktkostnaden. Les meir om levering i våre avtalevilkår.

Så er det tid for å velje betalingsmåte. Bokdykk aksepterar VISA og Mastercard, eller du kan velje å betale med faktura som følgjer leveransen. All kortbetaling skjer via vår samarbeidspartnar PayEx som sørgjer for godkjent og sikker overføring. Les meir om sikker betaling i våre avtalevilkår. Trykk på knappen “Fullfør orde”. Avhengig av kva betalingsmåte du vel vert handleprosessen avslutta i det du får opp ordrestadfestinga. Har du valt å betale med kort vert du sendt vidare til PayEx for å fylle ut opplysningar om kortet før du vender tilbake til stadfesting av ordren.

Ordrestadfesting

I ordrestadfestinga får du informasjon om ordrenummer, ordrestatus, kva tid bestillinga vart føretatt, kva betalingsmåte og til kva faktura- og leveringsadresse. Her er også informasjon om produkt og pris inkl. frakt. Du får også ei kvittering på bestillinga tilsendt e-postadressa di. Bestillingshistorikk vil også vere tilgjengeleg på ”Mi Side” hjå bokdykk. Skulle du ønskje å kome i kontakt med oss vedr. odren din, hugs å oppgje ordrenummer.
 

Endre ordren i etterkant


Dersom du har føretatt ein ordre og du i etterkant må endre denne, ber vi om at du så snart som råd tar kontakt med oss på post@bokdykk.no.

Gjeld endringa byte av leveringsadresse er det ekstra viktig at vi får melding med det same, slik at vi rekk å endre adresse før pakken vert sendt. Er bøkene allereie sendt ut, lyt du sjølv stå for retur av bøkene og dekke returkostnad. Les meir om returnering i våre avtalevilkår

Gjeld endringa å tilføye fleire bøker for å få dei sendt i same pakke, er dette berre mogleg dersom du legg inn ein ny ordre same dag som du føretok fyrste bestillinga samt sender ein e-post til post@bokdykk.no med ordrenummera og dine ønskjer. Vi vil då prøve å ordne med samla sending, men kan dessverre ikkje garantere at det let seg gjere sidan bøkene vert sendt frå ein tredjepart og vi ikkje har full oversikt over kor langt i leveringsprosessen fyrste ordre er komen. 

Gjeld endringa ei annullering av heile eller delar av bestillinga, må du kontakte oss på post@bokdykk.no for å avbestille. Oppgje då ordrenr. eller kva bok du ønskjer å avbestille. Er pakken eller den boka det gjeld allereie sendt ut, lyt du sjølv stå for retur og dekke returkostnad. I samsvar med angrefristlova gjeld full returrett i 14 dagar frå tidspunktet du mottok vara. Les meir om returnering i våre avtalevilkår.