jon-fosse

Jon Fosse

Jon Fosse er fødd i Haugesund i 1959 og vaks opp i Strandebarm i Hardanger. Etter examen artium frå Øystese gymnas flytta han til Bergen for å studere og tok hovudfag i allmenn litteraturvitskap. I studietida arbeidde han også som journalist i Gula Tidend.

Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983, og sia har han hovudsakleg arbeidd som forfattar. Fosse har lagt for dagen ein imponerande litterær produksjon, og har samla skrive meir enn 50 romanar, forteljingar, dikt- og essaysamlingar, barnebøker og skodespel. Utgjevingane hans er omsette til meir enn 40 språk, og dramatikken har vorte framført i mange land verda rundt, i alle dei europeiske landa, dessutan i USA, Japan, Kina og i fleire latinamerikanske land.

Fosse har også arbeidd som konsulent og har omsett ei rekke teaterstykke til nynorsk. Han har dessutan undervist seks år ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har blant anna vore medlem i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening og i Norsk kulturråds essayutval.
I dag er Jon Fosse Noregs mest kjende og spela dramatikar etter Henrik Ibsen.

Intervju – Fosse fortel om korleis han skriv 

– Du har ein formidabel litterær produksjon på samvitet. Kvar hentar du ideane, inspirasjonen og
energien frå?

Eg seier gjerne at det er skrivinga i seg sjølv som inspirerer, når eg skriv og får det til, så går det liksom av seg sjølv. Kvar det kjem ifrå, det eg skriv, det er no og då eit mysterium for meg, og noko av det som fascinerer meg mest med det å skrive. Og kan eg skrive på ein stad der eg kan sjå sjø, så er det ein stor fordel. Elles er det bra å leve roleg og trygt, for skrivinga er i seg sjølv ei slags reise inn i det ukjende.

Hender det at du går lei av å skrive? 
Eigentleg ikkje. Men det er sjølvsagt periodar då eg ikkje får til å skrive, og då har eg det ikkje noko særleg. 

– Og kva gjer du for å kople av?
– Eg likar godt å lese, og eg går av og til på teater, og eg ser ein del utstillingar. Dessutan likar eg godt å ta meg ein tur på sjøen, så båt det vil eg ha. Båt og hund!

Har du ein plan eller struktur når du tek til å skrive eit nytt manus? Er skrivinga avslutninga på ein mental prosess, eller er du midt i den skapande prosessen når du skriv?
Eg har aldri nokon plan. Eg set meg ned og byrjar, og er det ei god byrjing, så er liksom det følgjande alt der. På eit eller anna punkt kjennest det ut som om alt er ferdig, liksom, og eg må berre skrive det ned før det forsvinn. Skrivinga i seg sjølv, er skapinga.

Du og Ibsen er dei norske dramatikarane som er mest kjende i utlandet. Tilpassar du produksjonen til eit globalt publikum?
Eg har aldri tilpassa skrivinga til noko publikum, verken norsk eller utanlandsk. 

Gjer den internasjonale etterspurnaden noko med skrivinga di?
Nei det trur eg ikkje. Og om noko har skjedd av den grunn, så har eg blitt meir lokal, på eit vis. Og så er eg kanskje blitt meir merksam på kor viktig nynorsken, mitt eige språk, er for meg.

Kan du skildre ei sterk lesaropplevinga du har hatt?
Det er så mange. Men å lese Hamsun i ungdomen var utan tvil ei av dei sterke.

Kan du anbefale Bokdykk sine lesarar tre bøker, og kvifor dei bør lesast.
Då trur eg at eg vel ei bok av Flaubert, Tre fortellinger, han skriv ein aldeles nydeleg og presis prosa, komplett balanse. Dessutan Pessoas Uroens bok, det er kanskje den beste boka eg har lese på mange år, ei veldig klok bok. Og så til sist vel eg ei av årets bøker, av kollega og venn Rolf Sagen, Lommehunden frå Ribo, det er ein heilt særeigen poetisk komikk i Sagens vestlandske univers.

Kva for viktig norsk bok har enno ikkje vorte skrive?
Det dukkar jamt og trutt opp talent. Og eg trur kanskje at det før eller seinare vil dukke opp eit veldig poetisk talent i Noreg.

Ungdomen tek i ulikt tempo over den litterære stafettpinnen. Kan du gje komande forfattarar nokre gode råd.
Hald på med ditt, og ikkje gi deg. Eller gi deg i tide, om du merkar at talentet ikkje strekk til.

Intervju av Trond Strømgren Publisert 13.11.08 

 

 

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2010   Jente i gul regnjakke innb.
2009   Teaterstykke 4 hefta
2009   Spelejenta innb.
2009   Songar innb.
2009   Fedras kjærleik hefta
2009   Dikt i samling innb.
2009   Desse auga innb.
2008   Psykose 4.48 hefta
2008   Eg er vinden innb.
2007   Rambuku innb.
2007 2008 Andvake innb. | hefta
2006   Svevn innb.
2006   Prosa og dikt cd
2006   Frihet som livsbetingelse 1 innb.
2006   Dikt cd
2006   Den største diamanten i verda (kriminelle lidenskapar) hefta
2005   Teaterstykke 3 hefta
2005   Håvard Vikhagen innb.
2005   Dus hefta
2005   Dei døde hundane innb.
2004   Lilla innb.
2004 2005 Det er Ales innb. | hefta
2003   Ved målet hefta
2003   Jenta i sofaen innb.
2003   Brospenn innb.
2003   Auge i vind hefta
2002   Sonen cd | lydfil
2002   Knivar i høner hefta
2002   Dødsvariasjonar innb.
2001   Vakkert innb.
2001   Teaterstykke 2 hefta
2001   Kjøkkenheisen hefta
2001   Dikt 1986-2000 innb.
2000   Søster innb.
2000 2010 Morgon og kveld innb. | hefta | cd | lydfil
2000   Besøk innb.
1999   Teaterstykke 1 hefta
1999   Ordet som er innb.
1999   Menneskesønnen innb.
1999   Melancholia I-II hefta
1999 2004 Gnostiske essay innb. | hefta
1999   Draum om hausten innb.
1999   Dine henders verk innb. | kassett
1998   Natta syng sine songar innb.
1998   Eldre kortare prosa hefta
1997   Nye dikt hefta
1997 2009 Melancholia innb. | hefta
1997   I begynnelsen innb.
1997   Gitarmannen hefta
1997   Fy å fy innb.
1997   Barnet innb.
1996   Prosa cd
1996 2004 Nokon kjem til å komme innb. | cd | lydfil | hefta
1996   Melancholia 2 innb.
1996   Du å du innb.
1996   Bøk. Hefte 7 1996 hefta
1995   Nei å nei innb.
1995 2008 Namnet innb. | hefta
1995   Melancholia 1 innb.
1995   Dikt 1986-1992 hefta
1994   Vått og svart innb.
1994   Prosa frå ein oppvekst innb.
1994   Og aldri skal vi skiljast innb.
1993   To forteljingar innb.
1993   Olav H. Hauges poetikk hefta
1993   Katten må sova ute innb.
1993   Dyrehagen Hardanger innb.
1992   Hund og engel hefta
1992 2003 Bly og vatn innb. | hefta
1991   Flaskesamlaren innb.
1990 2005 Kant innb.
1990   Hundens bevegelser hefta
1989   Uendeleg seint innb.
1989 2001 Naustet innb. | hefta
1989   Frå telling via showing til writing innb.
1987   Blod, steinen er innb.
1986   Engel med vatn i augene hefta
1985 1993 Stengd gitar hefta
1983   Raudt, svart innb.

Prisar og utmerkingar

 


 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *