ingrid-z.-aanestad

Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Z. Aanestad er fødd i 1983 på Tu, like ved Bryne på Jæren. Ho vaks opp same staden, og etter artium har ho mellom anna studert fransk og kjønnsvitskap, gått på nordisk forfattarstudium i Göteborg og jobba som radiojournalist.

Debutromanen hennar I dag er ein fin dag kom ut i 2006, og i 2008 gav ho ut romanen Eg kjem med toget. Det flate Jærlandskapet er arena for handlinga i den siste utgjevinga. Aanestad er eit relativt nytt bidrag til den norske litteraturen, og Bokdykk vil derfor bidra med eit intervju for å kaste meir lys over den unge forfattaren.

Bli betre kjent med Ingrid Z. Aanestad

Aller først eit reint formelt spørsmål. Kva står Z. for i mellomnamnet ditt?
Det står for Zachariassen, eit mellomnamn som kjem frå far min si slekt. Det er langt og litt upraktisk (Z-A-C-H og to S-ar, sa eg), derfor blir det Z. i dei fleste samanhengar.

Du er ein relativt ung forfattar og debuterte 23 år gamal. Er det nokre faktorar frå barndomen som har påverka deg til å verte forfattar?
Eg lærte å lesa og skriva då eg var ganske lita, litteraturen blei tidleg ein plass eg likte å vera. Mellom anna lurte eg til meg ekstra kladdebøker då eg gjekk på barneskulen som eg brukte til å skriva eigne forteljingar i. Dei forteljingane var for øvrig ofte ønske-historier der eg sjølv var hovudperson og der alt gjekk litt betre enn det gjorde i verda utanfor.

Kva var det som fekk deg til å ta avgjerda om å skrive og gje ut ein roman?
Heller enn ei stor avgjerd, var det mange små avgjerder som først og fremst handla om å fortsetja å skriva. Så var eg både sta og utålmodig, og fortsette med mitt til manuset var ferdig. Eg hadde ei underleg, steil tru på at det skulle bli bok, trass usikkerheit og tvil i periodar. Det skal også seiast at eg fekk viktige innspel og oppmuntring undervegs frå folk rundt meg og etterkvart også frå forlaget.

Er det viktig med støtte undervegs i eit skriveprosjekt? Kven har du evt. rådført deg med?
Eg har hatt gode lesarar, både i redaktøren min på Forlaget Oktober, skrivande venner og rettleiarar på forfattarstudiet. Dei har vore støttande og strenge i passe dosar, og det har vore viktig. Men i periodar er også nødvendig å vera aleine og i ro med skrivearbeidet, ikkje ha andre sine vurderande auge på det.

Kva er drivkrafta di når du skriv, kor får du energi og inspirasjon frå?
Oj. Eg trur nesten kva som helst kan vera igangsetjande. Ein samtale eg høyrer på trikken, korleis kaffien smakar ein onsdag morgon, hendene til guten som jobbar på nærbutikken. Generelt: Verda og menneska rundt meg, anna litteratur, musikk, film, natur. I botnen ligg eit sug etter språk. Og samstundes ein pågåande diskusjon, krangel med dette språket; korleis er det muleg å fortelja?

Korleis skriv du? Har du ein ferdig struktur før du tek til? Arbeider du målretta kvar dag, eller skriv du dag og natt når lysta er der?
Det varierer. For mykje planlegging er det som fungerer dårlegast, eg mister lysta til å skriva dersom eg på forhånd har lagt faste, bestemte planar for korleis det skal bli. Men eg noterer litt på førehand og undervegs i arbeidet, skriv ned tankar om scener, tablå, dialogar. Når eg er inne i ein skriveperiode skriv eg vanlegvis best og mest konsentrert om morgonen.

Kva følte du då du hadde den ferdige romanen I dag er ein fin dag i hendene for første gong?
Det var ein sterk, nesten litt hysterisk augneblink. Eg var aleine då det første eksemplaret kom i posten, men lo og gråt om kvarandre. I fleire dagar hadde eg boka liggande framme på kjøkkenbordet før eg opna og begynte å lesa.

Sia du er relativt fersk som forfattar, minnast du framleis tida før debuten. Kva råd vil du gje til ungdom som liker å skrive, men som ikkje kjem i gong med det store prosjektet eller tør ta kontakt med eit forlag?
For meg har det handla om å lesa, skriva og tru. Mista trua, skriva likevel, leita trua fram igjen. Og snakka med andre som skriv.

Kva for tre bøker vil du anbefale, og kvifor?
Who will run the frog hospital
, Lorrie Moore. Ein lett, sår og skarp roman om vennskap, om å veksa opp i utkanten.
Munn mot ein frosen fjord, Inger Bråtveit. Ein syngande, insisterande roman som gjorde djupt inntrykk.
Lol Valérie Stein, Marguerite Duras. Denne boka er eit kraftsentrum i forfattarskapen til ein forfattar eg aldri blir ferdig med. Urovekkande, mørk-skimrande vakkert.

Kva gjer du for tida? Har du hovudet fullt av nye setningar som skal ned på papiret, eller er det vakuum etter at Eg kjem med toget kom ut for vel to månadar sia?

Det er ein samleperiode. Eg les, ser film, gjer notat, tenker, skriv artiklar, les opp frå Eg kjem med toget, ventar, leiter.

 

Tekst: Trond Strømgren, publisert 12.11.2008               Foto: Finn Ståle Felberg

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2010   Stormkyss innb.
2008   Eg kjem med toget innb.
2006   I dag er ein fin dag innb.

Sjå kva kritikarane seier

 


 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *