Framleis høve til å vinne gratis bokpakke!
Slik deltek du:
Send bokomtalen innan 9. oktober på e-post til tevling@bokdykk.no med forfattar og boktittel i emnefeltet.
Kvar bokomtale må vere på minimum tre linjer om kvifor du likte boka, og boka må rangerast med karakter frå 1 til 5 (der 1 er dårlegast). Vil du auke vinnarsjansen kan du sende oss fleire omtaler. Sjå døme på bokomtale.
Det er valfritt om du vil stå oppført med namn, men ønskjer du vere anonym er det fint om du signerar med kallenamn.
Frist: Vi har utvida svarfrist nokre dagar! Send oss dine bokomtalar innan 9. oktober 2009.
Bokdykk kan publisere bokomtalene på bokdykk.no og kårar fem av deltakarane som vinnar av konkurransen. Vinnarane vert kontakta per e-post. Ved manglande respons kan premien verte gitt til ein annan deltakar. Er noko uklart eller du har spørsmål, ta gjerne kontakt på post@bokdykk.no.



