Agnes Ravatn
Agnes Ravatn er fødd i 1983 og voks opp i Ølen. Ho debuterte i 2007 med Veke 53, ein roman som fekk svært gode meldingar. For debutboka si fekk Agnes Ravatn Natt&Dags Bergensprisen for beste bok 2007, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 2008, og Rogaland Fylkeskommunes litteraturstipend 2008. Fanzinen Ikke til hjemlån, utgitt saman med Kjersti Rorgemoen, Anja Ulset og Mari Ulset, kom i bokform i 2008.
Agnes Ravatn er journalist i Dag og Tid, og ei samling tekstar ho skreiv for denne avisa blei i 2009 gitt ut i bokform med tittelen Stillstand – sivilisasjonskritikk på lågt nivå. Ho har ei litterær og journalistisk stemme som blir lagt merke til, og når ein skal intervjue Agnes det er på mange måtar naturleg å starte med eit spørsmål om nettopp den litterære stemma.
– For som 24-åring ga du ut ein roman der forteljaren er ein mann i femtiåra. Mange meldarar let seg serleg imponere av kor godt grep du hadde om forteljarstemma til ein karakter som var så langt frå deg sjølv erfaringsmessig med tanke på kjønn og alder. Kva var det som gjorde at du valde ein slik hovudperson?
– Det er du ikkje den første som spør om, inkludert meg sjølv. Denne Georg, som han jo heiter, dukka først opp som biperson i eit tidleg og forkasta romanprosjekt. Han overtok forteljinga gradvis, og overskygga den opphavelege hovudpersonen, og eg tenkte etter kvart: denne fyren kan eg visst skrive ein heil roman om. Når dét er sagt, må eg óg legge til at portrettet av Georg nok er det næraste eg kjem ein fordekt sjølvbiografi.
– Kva meiner du med det?!
– Eg meiner at eg liknar ganske mykje på han. På ein dårleg dag.
– Hadde du skrive andre ting før du begynte på debutromanen din? Og kva fekk deg til å gå i gang med ein roman? Ja, kvifor skriv du eigentleg?
– Det kjedelege svaret er at eg har skrive heilt sidan eg var barn, men det er óg det sannaste. Romanforma kjendest naturleg. Eg synest ikkje eg har noko godt grep på novellesjangeren, og dikte kan eg ikkje. Eg prøvde litt i min ungdom, mellom anna det sterkt moralistisk-gråtkvalte "Du skal ikkje hate!!" (framført med dirrande røyst). Eg får noko øverlandsk over meg når eg skal "dikte", difor drep eg dikta ved fødselen gong etter gong.
Då eg gjekk på Skrivekunstakademiet blei me tvinga av Tone Hødnebø til å skrive dikt. Eg skreiv eit langt, tordnande dikt om Inka-kongen Atahualpa og den dårlege behandlinga han fekk av Pizarro. Det verkar heilt absurd når eg tenkjer på det, eg måtte stå oppå ein benk i sterk vind på Nordnes og framføre det for heile klassen. To gonger, fordi eg snakka for lågt den første gongen, og eg såg at Tone Hødnebø hadde eit rart smil på leppene då eg stod og las.
Så difor måtte det bli roman.
– Kva for fagleg bakgrunn har du? Er det noe av utdanninga di du har fått særleg bruk for som forfattar og skribent?
– Fag og fag. Eg har grunnfag i musikk og engelsk, og ein bachelor i nordisk på UiB. Kva kan eg seie, utdanning får ein bruk for heile tida, uansett kva ein gjer. Hadde eg ikkje tatt det vesle grunnfaget i musikk, hadde eg kanskje ikkje fått høyre om den og den komponisten, som førde til at eg gjekk på den og den konserten, og under ein slik konsert kan eg brått få ein god idé. Slike ting. På dét nivået kan ein sjå at ein har utbytte av utdanninga si. På universitetet lærte eg å bli meir kritisk, til tekst, til folk og til meg sjølv. Det viktigaste av alt har nok vore Skrivekunstakademiet (04-05). Der møtte eg for første gong folk på min eigen alder som skreiv, eller folk som skreiv i det heile. Heile mi forståing av kva litteratur er, utvida seg enormt det året.
– I boka Stillstand – sivilisasjonskritikk på lågt nivå har du samla ei rekkje essays utforma som ”reisebrev frå stader der ingenting skjer”. Som utgangspunkt for tekstane har du oppsøkt ei rekkje stader og situasjonar, du sit mellom anna 50 timar på kafè i Ålesund, bur ei veke i nonnekloster, går på same ex.phil.-forelesninga to gonger på rad og tar Bergensbana tur/retur utan mål og meining. Det er eit originalt utval situasjonar, og takk vere ei fantastisk observasjonsevne, frie assosiasjonar og givande digresjonar, blir dette svært underhaldande lesning. Kva var utgangspunktet for prosjektet? Og for at du valde akkurat desse ”reisemåla”?
– Utgangspunktet var at Dag og Tid-redaktør Gjerdåker bad meg skrive ein liten serie reisereportasjar for avisa. Eg hadde det eigentleg fint der eg var, men sidan Dag og Tid stod mitt hjarte nært, kunne eg ikkje seie nei. Men eg ana ikkje kor eg ville reise eller kva slags tekstar eg ville skrive. Eg ville ingenting, må eg dessverre tilstå. Redaktøren verka meir og meir irritert og oppgitt over min manglande iver, og til slutt sa han: "Ja, så berre reis ein stad der ingenting skjer då, og skriv kva du ser!". Det var nøyaktig dette eg ønska å gjere, og eg bestilte sporenstreks ein flybillett til Ålesund.
Reisemåla vidare kom som små openbaringar: Dit! Og dit!
– I den siste feature-serien din i avisa Dag og Tid har du sett på lettvinte vegar til lykka. Du har oppsøkt folk som tilbyr løysingar som pulverdiettar, fettsuging, scientologi med meir. Om bøker kan gjere ein lykkeleg, kan ein vel seie at nettbokhandlane tilbyd ein lettvint veg til lykke. Vurderte du å teste denne i samband med serien din?
– Det kan eg vel ikkje seie eg gjorde. Eg nyttar berre nettbokhandlar dersom eg skal kjøpe noko eg er flau over å handle over disk. Eg tenkjer ikkje først og fremst på sexhandbøker, men på bøker som "Ulysses" eller "På sporet av den tapte tid" - som om ein er ein blid tulling som har høyrt om ei bok, og tenkjer "den skal eg jammen meg sjekke ut!". Ofte ber eg bokhandlarane pakke bøkene inn som gåve.
– Og mellom reiesbrev frå ingenstader og lykkeland, er det nokre andre skriveprosjekt på gang?
– Eg er akkurat i ferd med å rekreere etter ein periode der eg var frykteleg lei av å skrive. Er det dette eg skal gjere resten av livet? tenkte eg. Skrive, skrive, skrive? Men no verkar framtidsutsiktene mindre dystre, og eg driv og skriv på ein roman. Og uansett har eg mange ulike alternative karrierer å falle tibake på.
– Kva for ei bok har betydd mest for deg?
– Ops, dette var vanskeleg. Som barn er jo alle opplevingar større enn som vaksen, så eg trur eg vil svare: Dustene av Roald Dahl. Eit eintydig negativt portrett av to vaksne, stygge idiotar. Akkurat slik bør barnelitteratur vere.
– Kan du anbefale andre bokdykkarar tre bøker?
1. Dr. Glas av Hjalmar Söderberg. Ein illusjonslaus, vakker og morosam dagboksroman om den forelska melankolikaren Doktor Glas, ein varm sommar i Stockholm.
2. Fangeteneste av Rønnaug Kleiva. Ganske så illusjonslaust dette óg, frå den komande festspeldiktaren, og det verste er at ein (iallfall eg) risikerer å kjenne seg att.
3. I tilfelle nokon spør eller ei av dei andre artikkelsamlingane til Einar Økland. Ein treng ikkje vere ekstra interessert i påskekyllingen som postkortmotiv for å likevel ha stort utbyte av å lese om han. Eg finn ikkje gode nok adjektiv for å skildre Øklands essayistikk og småprosa, men det held kanskje å seie at eg nesten alltid har ei av bøkene hans i veska, i staden for pepparspray eller leppestift. Jo forresten, eg har leppestift i tillegg.
Tekst: Erle Stokke, Publisert 02.09.2009 Foto: Paul Bernhard
Bibliografi
| Utg. | Nyutg. | Tittel | I sal |
| 2009 | Stillstand | innb. | |
| 2009 | Den beste låta | innb. | |
| 2008 | Ikke til hjemlån | hefta | |
| 2008 | Gi lyd | innb. | |
| 2007 | 2010 | Veke 53 | innb. | hefta |



