3 anbefalte av Gunnhild Øyehaug
Gunnhild Øyehaug tipsar deg om tre bøker som har betydd mykje for ho.
Richard Brautigans kortprosasamling: The Revenge of the Lawn
Brautigan fordi denne boka er ei av dei mest inspirerande kortprosasamlingar ein kan lese: humoristisk, sårt, absurdistisk.
Coetzee fordi denne boka riv tak i ein og ikkje slepper taket, med eit blikk på både nokre karakterar, ein kultur og eit samfunn som både er rystande og fantastisk.
Ingeborg Arvola: Livet i et skilpaddeskall og andre historier
Arvola fordi ho har skrive ein skatt av ei bok som eg trur ikkje er så kjend som den burde vere, med eit surrealistisk univers fullt av særs menneskelege eksistensar.
| |
|



