5 anbefalte av Edmund Austigard
Innsirkling av Carl Frode Tiller
Dette er etter mi meining litteratur i særklasse. Dialogane, karakterane, stemninga. Alt. Ingen over ingen ved sida.
Arild Rein med Kaninbyen
Stavanger frå baksida.
Rotraut Susanne Berner: Haust-, Vinter-, Vår-, og Sommar-vrimlebok
Superhit hos dei minste. Store detaljrike illustrasjonar som gir flotte parallelle forteljingar. Mine to gutar på 2 og 4 får ikkje nok av desse fire bøkene.
Eg las Knutar og tenkte at dette er den nye og spennande litteraturen. Nå er det berre å kaste seg over Øyehaugs første roman.
I debuten Munn mot ein frosen fjord viser Inger Bråtveit at ho er kongen av det flotte og poetiske romanspråket. Her er det berre å glede seg til forsetjinga.
| |
|
|
||



