Vi får aldri nok av krim!

Nedanfor har vi funne fram nokre litterære godbitar som vil gi seine kveldar ein spennande vri! Vi sel også mange av dei mest populære krimgrøssa gjennom tidene som billege pocketutgåver eller i lydbokform.


 

Nattskrik av Magnhild Bruheim 
Magnhild Bruheim kom med boka Nattskrik i fjor, ein kriminalroman der handlinga er lagt til bygdenoreg og forsvinninga av ei kvinne. 

Tidlegare har Bruheim skrive desse kriminalromanane Varselet (1997) Maskerade (1999), Utan englevakt (2000), Svart arv (2001) og Dragsug (2002) Ny melding (2003) Venneringen (2007). 

 Kjøp Nattskrik


Operasjon Siskin av Rune Timberlid
Den sjuande kriminalromanen til Timberlid har hausta glimrande kritikkar. Les omtale av Operasjon Siskin. 

"Rivertonkandidat fra vest [...] prima krimhåndverk."
Geir Løvli, Fredriksstad Blad

"Som leser vil du ikke kjede deg et sekund. Hvilken knallstart på bokhøsten!"
Monika Nordland Yndestad, Bergensavisen 

 
 Kjøp boka Operasjon Siskin

 

Ny bok av Camilla Läckberg  
Populær svensk krimforfattar som til no har gitt ut seks bøker, der fleire har toppa bestseljarlistene i heimlandet. Havfruen er siste bok som tek oss med til Fjällbacka i Bohuslän der vi følgjer forfattaren Erica Falck og politimannen Patrik Hedström.

Les meir om handlinga eller kjøp ved å følgje lenkjene til kvar kriminalroman: 
Tyskerungen(2008), Isprinsessen(2008), Ulykkefuglen(2007), Steinhuggeren(2006) og Predikanten(2005).
 

 

  Kjøp Havfruen

 

Bøkene om førstebetjent Harry Hole
Jo Nesbø har rukke å gitt ut 7 kriminalromanar om Harry Hole, og vert sett på som ein av tidas store namn innanfor krimlitteratur. Han har vunne ei rekkje prisar; Rivertonprisen for debutboka Flaggermusmannen, og to gongar Bokhandlerprisen for Rødstrupe og Snømannen for å nemne noko.

Nesbø har selt ca. halvannan million bøker i Noreg (ved utgangen av 3. kvartal 2008) og er oversett til omlag 40 språk.

Gjer deg kjend med Harry Hole om du ikkje alt har gjort det! 
Flaggermusmannen (1997), Kakerlakkene (1998), Rødstrupe (2000), Sorgenfri (2002), Marekors (2003), Frelseren (2005) og Snømannen (2007).

 

 Kjøp Snømannen

 


Døden ved vann av Torkil Damhaug
Døden ved vann vert allereie omtala som norsk thriller av klasse og er venta som ein av årets krimfavoritt. "Nytt høydepunkt fra en av de mest ambisiøse - og beste - norske krim-utøvere" - Adresseavisa

Med sin førre kriminalroman Se meg, Medusa slo Damhaug i gjennom for fullt og fekk jublande kritikkar "Han har nå inntatt plass i norsk krims øverste divisjon." - Aftenposten

 


 Kjøp Døden ved vann 

Amerikansk spenning på bestseljarlista
Harlan Cobens  siste roman I den skogen har fått strålande mottaking og gjekk rett inn på bestseljarlista i veke 8.

"Gjennom 14 romaner har den amerikanske spenningsforfatteren Harlan Coben gang på gang demonstrert at han tilhører verdens ledende sjikt i genren. I den skogen, som er hans syvende på norsk, danner et foreløpig toppunkt i karrièren og er en av de beste kriminalromaner undertegnede noensinne har lest (...) Jo da, Harlan Coben er tidligere blitt belønnet med høyeste karakter, men 6-eren for I den skogen må bli blankere enn noen gang."  - Terje Stemland, Aftenposten

 

 Kjøp I den skogen

 

Jan Guillou Men ikke hvis det gjelder din datter
I Jan Guillou si siste bok "Men ikke hvis det gjelder din datter" vender Carl Gustaf Gilbert Hamilton endeleg tilbake.

Bøkene om Carl Hamilton har solgt i over fem millionar eksemplar.  
Sjå heile bokutvalet til Jan Guillou.

 

 Kjøp Men ikke hvis det gjelder din datter

Ny bok av Arnaldur Indridason
Endeleg er Fjellet, sjette bok i serien, klar for sal. Denne gongen hamnar politietterforskaren Erlendur Sveinsson opp i sjølvmord og uoppklarte forsvinningssaker. I si førre bok Vinterbyen var vi med Sveinsson og hans kollegaer i Reykjavikpolitiet å oppklare drapet på ein mørkhuda gut der motivet avdekkja rasisme og framandfrykt. 

"Glimrende islending" - NRK 

Tidlegare norske utgjevingar frå Indridason er
Myren (2004), Gravstille (2005), Røsten (2006), Vannet (2007). 
 


 Kjøp Fjellet

 

Triologi-suksess for Stieg Larsson
Dei tre krimromanane til Stieg Larsson trona bestseljarlistene i januar 2009 og er stadig svært populære.  

Jenta som lekte med ilden vart kåra til den beste svenske kriminalromanen i 2006 av den Svenska Deckarakademin, mens Larssons debutroman Menn som hater kvinner og Luftslottet som sprengtes begge er tildelt Glassnøkkelen - ein årleg pris for beste kriminallitterære verk for bok utgjeve av dansk, finsk, islandsk, norsk eller svensk forfattar. 

Menn som hater kvinner (2006), Luftslottet som sprengtes (2007) og Jenta som lekte med ilden (2007) er alle bøker som ein ekte krimentusiast bør kaste seg over!

 

 Kjøp Jenta som lekte med ilden

 

Mørkemannen av Unni Lindell
Igjen møter vi Cato Isaksen i hovudrolla i den åttande krimromanen til Lindell. 

"Uhyggelig bra. Sterk Lindell-krim med en utspekulert løsning." - Kurt Hanssen, Dagbladet

Sjå bokutvalet frå Unni Lindell 

 
Kjøp Mørkemannen

 

Johan Theorin med bok nummer to av fire
I serie på fire kriminalromanar frå Öland er bok nr. to Nattefokk endeleg klar på norsk.  

For si debutbok fekk Theorin god mottaking: 
"Skumringstimen er en original og fascinerende kriminalroman, og en imponerende debut av svenske Johan Theorin." Terningkast fem - Aftenposten

Sjå bokutvalet til Johan Theorin 

 

 Kjøp Nattefokk



Sveriges krimdronning
Bøkene til Liza Marklund har toppa bestseljarlistene og er oversett til 28 språk. En plass i solen er siste krimroman om journalisten Annika Bengtzon. 

"...intelligent, spennende og underholdende krim av beste merke" - Aftenposten 

Les meir om bøkene til Liza Marklund

 

Kjøp En plass i solen

Det ingen vet av Jan Mehlum
Jan Mehlum er ute med sin niande krimroman om Tønsberg-advokaten Svend Foyn.  

"Ny krimfulltreffer fra Jan Mehlum" - Østlands-Posten

"Her vanker en soleklar femmer." - Gert Larsen, Bokstaver.no 

I 1998 fekk Mehlum Rivertonprisen for Kalde hender. Sjå heile bokutvalet til Jan Mehlum

 Kjøp Det ingen vet

 

 

Kullunge - krim frå Svalbard
Monica Kristensen vart i 2007 kjend etter sin overraskande krimdebut med Hollendergraven. Med si andre bok frå Svalbardsamfunnet har Kristensen nok ein gong skrive ei bok som fengjer ivrige krimlesarar.

"Monica Kristensen har igjen skrevet glimrende." - Aftenposten 

Sjå heile bokutvalet til Monica Kristensen 

 

 Kjøp Kullunge

 

 

John Grisham med Anken

Er du ein John Grisham fan? Siste bok ut er Anken
”En utrolig oppbygging av spenning. Dette er Grishams sterkeste bok på mange år.”
- The New York Times

Grisham er ein av verdas mestseljande forfattar og har solgt meir enn 100 millionar bøker på verdsbasis dei siste ti åra. Ei rekkje av bøkene hans er filmatisert og mange er blitt bestseljarar. 

Sjå alle bøkene frå John Grisham 

 

 Kjøp Anken

   
   
   
Finn du ikkje din krimfavoritt her? Klikk her for å sjå endå fleire bøker innanfor krim og spenning, eller bruk søkefeltet øvst i høgre hjørnet.  
   
   
   
   
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern