Mi side
Opprette brukar
For å kjøpe bøker hjå bokdykk lyt du opprette ein brukarkonto. Dette kan gjerast på to måtar:
- Trykk på menyvalet "Mi side". Du vert då ført vidare til ei side der du kan velje å registrere ny brukar.
- Legg bøker du ønskjer å kjøpe i handlekorga. Du finn handlekorga til høgre i den horisontale menyen øvst på bokdykk.no. Ved trykk på handlekorga får du oversikt over innhaldet, og du kan gå vidare til kassa. Her vert du bedd om å logge deg inn, eller å registrere deg som ny brukar dersom du ikkje allereie har ein brukarkonto hjå bokdykk.
Ved oppretting av ny brukar fyller du inn di e-postadresse og eit valfritt passord. Det er dette du skal nytte fast når du skal handle hjå bokdykk, eller når du seinare vil logge inn på "Mi side". Ved brukarregistrering fyller du inn opplysningar om namn, leverings- og fakturaadresse. Dette vert lagra hjå bokdykk, slik at du slepp å fylle det ut kvar gong du skal handle bøker.
På "Mi side" får du full oversikt over dine bestillingar og høve til å endre dine registrerte kundeopplysningar. Du kan også legge bøker i di private hugseliste til seinare, eller melde deg på nyheitsbrev for å halde deg oppdatert på bokutgjevingar og nyheiter. E-postadressa di vert også nytta for å sende kvittering på bestilte bøker.
Endre profil
På "Mi side" får du tilgong til opplysningane du registrerte då du oppretta brukarkonto hjå bokdykk. Skulle du ønskje å endre desse opplysningane kan du gjere dette ved å trykke på knappen "Endre profil". Det kan for eksempel vere aktuelt i tilfeller der ein har fått ny leveringsadresse, ein vil skifte passord, eller dersom ein ønskje å melde seg på nyheitsbrev. Du erstattar eller tilføyer den informasjonen du ønskjer i felta i skjemaet. Ved å trykke "fullfør" lagrar ein dei nye opplysningane.
Bestillingar
Når du er innlogga på "Mi side" får du tilgong til historikk over bestillingane du har gjort hjå bokdykk ved å trykke knappen "Mine ordrar". Alle bestillingar du har gjennomført hjå bokdykk vert lagt i ei liste der du kan sjå ordrenummer, dato ordren vart føretatt, status og totalpris på kvar enkelt ordre. Treng du flerie detaljar kan du klikke på ordrenr. for å sjå informasjon om alle produkta du bestilte, kva kvar bok kosta, fraktkostnad, kva betalingsmåte og til kva leveringsadresse bøkene vart sendt.
Hugseliste
I hugselista kan du lagre bøker som du er interessert i eller som du vil kike nærare på seinare, og som du ikkje ønskjer å kjøpe akkurat no. Du kan lagre så mange bøker du vil. Ved å trykkje på boktittelen kjem du til bokomtale. Om du vil flytte boka frå hugselista til handlekorga trykkjer du på knappen "Legg i handlekorg". Ønskjer du å fjerne ei bok frå hugselista, trykker du på det raude ikonet med kryss bak boktittel for å slette.
Nyheitsbrev
Er du interessert i å følgje med på kva som rører seg i bokbransjen? Då har du høve til å motta nyheitsbrev frå bokdykkredaksjonen. Nyheitsbrev vert sendt til e-postadressa di med jamne mellomrom, og du vel sjølv kva kategoriar og emne du ynskjer nyheiter innan. Det er helt gratis og uforpliktande, og du kan melde deg av som mottakar når du måtte ønskje.
For å velje nyheitsbrev går du på "Endre profil" under "Mi side". Nedst i skjemaet kan du tilføye eller fjerne avhaking for nyheitsbrev. Dersom du ikkje ønskjer å motta fleire nyheitsbrev, følgjer du lenkja som du finn nedst i nyheitsbreva for å melde deg av.



