Gunnhild Øyehaug tildelt Nynorsk litteraturpris
Romanen Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug er kåra til Nynorsk litteraturpris 2008. Prisen vart delt ut på landsmøtet til Noregs Mållag 25.april.
Juryen seier mellom anna at Øyehaug sjarmerar stort i debutromanen Vente, blinke og rosa ho for særeigen stil, eleganse og humor. Dei kallar boka ei perle og håpar at forfattaren ikkje ventar for lengje med neste bok.
Gunnhild Øyehaug har tidlegare gitt ut mellom anna diktsamlingar, noveller og essays. Vente, blinke er hennar første roman og har òg vorte kåra til Årets bok i Morgenbladet.
Les meir om tildelinga og kva juryen seier på heimesida til Noregs Mållag:
http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10197&id=2859



