Brit Bildøen

Brit Bildøen er fødd i 1962 og vaks opp på øya Aukra utanfor Molde. Ho er utdanna som bibliotekar og har studert sosiologi. Etter å ha arbeidd fleire år som bibliotekar, gjekk ho på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Det gav fart i den litterære produksjonen, og ho debuterte med diktsamlinga Bilde av menn i 1991.

Sia har Bildøen levert både romanar, diktsamlingar, barnebøker, gjendiktingar og oversettingar. Ho har også prøvd seg som litteraturkritikar, var medlem av Den norske Forfatterforeningen sitt Litterære Råd i fire år, og har vore redaksjonsmedlem i tidsskriftet Utflukt. I 2001 var ho festspeldiktar for Dei Nynorske Festspela i Ørsta.

Brit Bildøen har budd i Oslo sia 1990, og jobbar i dag som forlagskonsulent ved sidan av skrivinga.

 

Kvinna frå ei vestnorsk øy

Kva er drivkrafta di når du skriv, kor får du energi og inspirasjon frå? 
Eg får først og fremst inspirasjon frå arbeidet i seg sjølv, det er spennande å skape sitt eige univers og sjå det vokse. Men eg må jo hente litt frå andre forfattarar også. Eg har ein 8-10 favorittbøker som eg les litt i dersom eg står fast eller syns det eg skriv blir for dårleg. Det er viktig å ha gode førebilete! Elles får eg mange gode idear frå film, og hentar kraft frå musikk og biletkunst.

Korleis skriv du? Har du ein ferdig struktur før du tek til, eller vert innhaldet forma etter kvart som du skriv? Arbeider du målretta kvar dag, eller skriv du dag og natt når lysta er der?  
Kvar bok blir til på forskjellig vis. I "Alt som er" hadde eg heile historia klar før eg begynte å skrive. Men i siste romanen min, "Mitt milde vesen", fekk eg ikkje tak på den eldre dama eg ville skrive om. Eg ville så gjerne inn i hovudet til ei halvsenil dame som hadde slutta å snakke til dotter si. Men eg fekk ikkje kontakt, fann ikkje stemma hennar. Så eg måtte begynne med dottera, for å komme i gang. Og det enda med at det blei dottera som fortel gjennom heile romanen. Så ein må på ein måte begynne på nytt med kvar roman, og leite etter den rette måten å fortelje nettopp den historia på. Og det er denne fasen som tek lengst tid, eg kan gjerne gå eit år eller to før eg kjem skikkeleg i gang. Når det gjeld arbeidstida, prøver eg å legge den opp etter eit vanleg familieliv. Dvs. at eg helst skriv om dagen. Men iblant må eg reise bort for å få skikkeleg fart på arbeidet, og då skriv eg gjerne dag og natt.

Du vaks opp i eit øysamfunn der båt og ferge var einaste kopling til fastlandet. Korleis har dette prega forfattarskapen din?  
Det har nok prega meg ein del, sjølv om det er vanskeleg å seie på kva slag måte. Men eg merka at det skjedde noko då eg gjekk i gang med romanen "Landfastlykke", som jo nettopp handlar om ei øy som skal få brusamband. Det ligg ei veldig kraft i det å skildre eit landskap og tilhøve som ein kjenner godt. Men samstundes kan det legge band på meg dersom det eg fortel om blir for nært. Så eg har pendla litt mellom øy og fastland, by og bygd, kjende og ukjende landskap i forfattarskapen min - og trur eg skal halde fram med det.

Du har jobba som bibliotekar og har hatt kontakt med mykje litteratursøkande ungdom. Kva råd vil du gje til ungdom som liker å skrive, men som ikkje kjem i gong med det store prosjektet eller tør ta kontakt med eit forlag?  
Det finst ein del skrivekurs rundt om etter kvart, som går på kveldstid eller berre varer nokre dagar - det er ein god test før ein kanskje prøver å søke seg på dei eitt-årige kursa. Det er også mulig å sende inn tekstar til litterære tidsskrift som Vinduet eller Vagant, eller ein av debutantantologiane som kjem ut kvart år. Sjølv hadde eg mine aller første dikt på trykk i Signaler.

Som bibliotekar har du også fått bra innsikt i det som finst av norsk litteratur, og kva type litteratur folk ynskjer å lese. Kva for ei viktig norsk bok er enno ikkje skrive? 
Det er ikkje så mange forfattarar som tek tak i dei store, strukturelle problema i samfunnet. Eg saknar bl.a. bøker som tek klimatrugsmålet på alvor. Så derfor har eg sjølv begynt å skrive på ein miljøroman.

Kan du dele ei av dine største bokopplevingar med Bokdykk sine lesarar?  
Eg har store litterære opplevingar stadig vekk, så det er noko av det vanskelegaste eg blir spurt om! Men eg kan jo fortelje om den første ordentlege vaksenboka eg las. Mor mi syntest det blei vel mykje "Frøken Detektiv" og andre serieromanar, så ho peika bort i bokhylla på "Den tvilsomme tvilling" av Mark Twain. Det er godt mogeleg at denne vesle dytten blei utslagsgivande for mi vidare litterære utvikling!

Kva for tre bøker vil du anbefale, og kvifor?  
 Gertrude Stein: Ida
 Mercé Rodoreda: Diamantplassen
 Carol Shields: Hvis ikke 
Fordi: Dette er bøker eg aldri blir ferdig med, og grunnen til det skriv eg om i essaysamlinga som kjem til våren!

Korleis ser framtida di ut? Har du ny bok på gang?  
Ja, eg har satt saman ei essaysamling som sannsynlegvis vil komme ut i mars. Tittelen er Litterær salong, og boka presenterer ti kvinnelege forfattarar og ti litterære dydar.

Intervjua av Trond Strømgren Publisert 09.11.08

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
  Fransk poesi
2009   Litterær salong innb.
2007   Huset Goggenheim innb.
2006 2007 Mitt milde vesen innb. | hefta
2005   Med hjartet mellom tennene innb.
2004 2010 Alt som er innb. | hefta | cd | lydfil
2002 2003 Poesi nå innb.
2002   Ethan Frome innb.
2001   Romhunden Odin innb.
2001 2002 Landfastlykke innb. | hefta
2000   Rosa på dagheim innb.
1999   Hunden som trudde han var katt innb.
1999   Eit vilt tålmod har ført meg hit innb.
1998   Tvillingfeber innb.
1998   Freud innb.
1996   Det rosa er i oss hefta
1995   Tur og orden innb.
1994   På visse tider av døgnet hefta
1994   Peder og plystrelyden innb.
1992   Eit anna eple innb.
1991   Bilde av menn hefta

Prisar og utmerkingar

 
 
Skriv ut

Kontakt oss                    Om Bokdykk                    Lenkjer                    Personvern