Halldis Moren Vesaas
Halldis Moren Vesaas vart fødd i 1907 i Trysil, og vaks opp som einaste jente i ein syskenflokk på fem. Ho tok utdanning ved Elverum lærarhøgskule 1925-1928 og arbeidde så på ulike stader i nokre år, mellom anna i Sveits. I 1934 gifta Halldis Moren seg med forfattaren Tarjej Vesaas og paret busette seg i Vinje i Telemark. Dei fekk to barn, Olav og Guri.
Halldis Moren Vesaas debuterte allereie som niåring med eit innlegg i Norsk Barneblad, men den meir litterære debuten kom i 1929 med diktsamlinga Harpe og dolk. Dei neste 20 åra følgde diktsamlingar og barne- og ungdomsbøker med få års mellomrom. Utover på 1950-talet og seinare kom utgjevingane noko sjeldnare.
Vesaas skreiv også ei rekke artiklar, fleire biografiar, gjendikta og omsette for teatret, var forlagskonsulent og redaktør. Ho hadde mange verv i kulturelle institusjonar, mellom anna som styremedlem i Riksteatret 1949, medlem i Norsk Språknemnd 1952 og medlem av Norsk kulturråd 1965-73. Ofte var både tekstane og det sosiale engasjement hennar eit bidrag til å betre rettane for kvinner, som til dømes retten til eiga inntekt og ein sjølvstendig identitet.
Vesaas hadde sin største produksjon som diktar. Dikta hennar handlar i stor grad om dei nære tinga i livet, om kjærleik, om å vere mor og kvinne, meininga med livet, og etter kvart også om døden. For teatret utførte Vesaas nærare 50 gjendiktingar frå både engelske, tyske og franske stykke, ofte store arbeid som ho brukte fleire år på. Ho leverte også meir enn 120 artiklar, reisebrev, bokomtalar, intervju, introduksjonar og anna til ei rekke tidsskrift.
Vesaas vart enke i 1970 og flytta noko seinare til Oslo. Ho skreiv heilt til det siste. I 1995 ferdigstilte ho manuskriptet til Livshus, den siste diktsamlinga, og var festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. Same året døydde ho, 87 år gamal.
For å heidre diktaren stifta Norlis bokhandel Halldis Moren Vesaas-prisen i 1995. Prisen delast ut kvart år til ein lyrikar og/eller gjendiktar som gjennom fleire verk har markert seg med ein eigen stemme i norsk poesi.
Tekst: Trond Strømgren, publisert 12.11.2008
Foto: Aschehoug, frå debutåret 1929



