Frode Grytten
Frode Grytten er fødd i 1960 i Bergen, men flytta til Odda i Hardanger som treåring. På denne vestnorske industristaden, inst i ein fjordarm mellom høge fjell, vaks Grytten opp og levde ut sine barne- og ungdomsår. Reisa ut i verda gjekk så tilbake til Bergen for å studere samfunnsvitskap.
Undervegs i studietida tok Grytten til å skrive. I starten var drivkrafta det å prøve å meistre skrivinga og få til gode formuleringar. Tanken på publikum var langt vekke. Debuten som forfattar skjedde i 1983 med diktsamlinga Start. Etterkvart fekk skrivinga meir fokus enn studiane, og den komande romanforfattaren erkjende at han ville bruke tid på å finne dei rette orda, formulere setningar og skape litterære byggverk som kunne formidle både tankar og meiningar ut til eit lesande publikum.
| Etter den tid har Grytten skrive mykje og i ulike fora. Som ferdigutdanna cand.polit. arbeidde han mellom anna fleire år som journalist i Bergens Tidende. Han har også vore spaltist i Dagbladet, Klassekampen, Kvinner og Klær og nettmagasinet Magasinett. Frå 2001 har arbeidet som forfattar gått føre seg på heiltid, og Grytten har gjeve ut både diktsamlingar, novellesamlingar og romanar. Han bur framleis i Bergen. Gjennom oppveksten fekk Grytten sterke band til Odda, og fleire av bøkene hans tek utgangspunkt i miljøet på heimplassen. Nokre av Frode Grytten sine bøker har vorte svært godt mottekne av publikum. Til dømes er det trykt heile 42 000 eksemplar av romanen Bikubesong på norsk, boka har kome i 9 opplag og er omsett til 12 språk (albansk, kinesisk, kroatisk, dansk, estisk, finsk, fransk, litauisk, nederlandsk, russisk, svensk og tysk). Bikubesong har dessutan danna grunnlag for eit teaterstykke. I 2004 var Grytten festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela. Han har fåtte ei rekke prisar, mellom anna Brageprisen i 1999, og har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris. |
Bibliografi
| Utg. | Nyutg. | Tittel | I sal |
| 2010 | Tatt av Norge | innb. | |
| 2010 | 50/50 | innb. | |
| 2009 | Noveller i samling | hefta | |
| 2009 | Norge og andre dikt | stifta | |
| 2009 | Det norske huset | innb. | |
| 2009 | Den beste låta | innb. | |
| 2008 | Hallo? | innb. | |
| 2008 | Gabba gabba hey! | innb. | |
| 2007 | 2008 | Rom ved havet, rom i byen | innb. | cd | hefta |
| 2007 | Lengselens bok | hefta | |
| 2006 | Sjuk av lykke | hefta | |
| 2006 | Prikk og Flekk snør ned | innb. | |
| 2006 | Prikk og Flekk bakar | innb. | |
| 2005 | 2010 | Flytande bjørn | innb. | hefta | cd | lydfil |
| 2004 | Hull og sønn | innb. | |
| 2003 | Urmakar Pisani og paradisfuglane | innb. | |
| 2002 | 2004 | Dublin | innb. | hefta |
| 2001 | Synd.no | innb. | |
| 2001 | 2003 | Popsongar | innb. | hefta | cd | lydfil |
| 2000 | Eg blir her, eg drar ikkje | hefta | |
| 1999 | Frosken Vertigo - og det store spranget | innb. | |
| 1999 | 2010 | Bikubesong | innb. | hefta | cd | lydfil |
| 1997 | Heim att til 1990-åra | innb. | |
| 1995 | Meir enn regn | innb. | |
| 1993 | 80 grader aust for Birdland | innb. | |
| 1990 | Langdistansesvømmar | innb. | |
| 1986 | Dans som en sommerfugl stikk som en bie | innb. | |
| 1983 | Start | hefta |
Prisar og utmerkingar
Meir om Frode Grytten [eksterne lenkjer]
- Norsk språkpris til Frode Grytten. [NTB / Anne Cathrine Straume, NRK, februar 2003]
- Intervju med Frode Grytten, nettbibliotekets prosjekt ”Vestlandsforfattere”, oktober 2003
- Bokprogrammet: Noveller - kort er godt. [Programleder Hans Olav Brenner har oppsøkt tre forfattere, Odd W. Surén, Frode Grytten og debutant Ingvild H. Rishøi. Nett-TV frå NRK, 2007]
- ”Teateroppsetningen Bikubesong har gått for fulle hus siden første forestilling i september 2003” [Av Mona Sæverud Higraff / Mie Sundberg, NRK, juni 2004]



