Ragnar Hovland
Ragnar Hovland er fødd i Bergen og såg første gong dagslyset i 1952. Han vaks opp i Bergen, Fusa, Sogn og Stavanger, og flytta så attende til Bergen for å studere. Frå 1980 budde Hovland 11 år i Kvinnherad. Sia har han helde seg bufast i Oslo, godt skjerma mot lågtrykk og stormar frå vest.
Hovland si formelle utdanning er frå Universitetet i Bergen, der han er cand.philol. med faga engelsk, fransk og litteratur. Skrivinga tok til på gymnaset, men det var først i studietida han fekk sine første tekstar på trykk. Ragnar Hovland debuterte som romanforfattar i 1979 med Alltid fleire dagar.
I løpet av om lag 30 år som forfattar har Hovland skrive ei rekke romanar, noveller, dikt, essays, skodespel, revytekstar og barnebøker. I tillegg har han omsett bøker både for barn og vaksne. Han har også virka som lærar og har undervist fem år i skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Dei seinare åra har Hovland arbeidd som forlagskonsulent for Det Norske Samlaget.
|
Sjølv om dei fleste kjenner mest til den litterære sida av Hovland, driv han også med kulturelle krumspring på andre arenaer. Mellom anna spelar han keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane, og samstundes er han også med i ei friteatergruppe. Eitt av Hovland sine varemerke er ei god blanding av humor og alvor, og dette kjem i rikeleg monn til syne anten ein møtar han mellom to permar eller på scena. |
Bibliografi
Prisar og utmerkingar
Meir om Ragnar Hovland [eksterne lenkjer]
- Barbeint med Ragnar Hovland. Kåseri om reising. [Lydklipp frå NRK, august 2002]
- Nynorsk litteraturpris for 2001 er tildelt Ragnar Hovland for boka "Ei vinterreise". [Anne Cathrine Straume, Noregs mållag / NRK, april 2002]
- Intervju med Rangar Hovland, nettbibliotekets prosjekt ”Vestlandsforfattere”
- Novellene til Ragnar Hovland har ein eigen humor som appellerer både til vaksne og barn. Tre av dei mest kjende finn du på dvd-en "Ragnar Hovland på film".
- Om Rangar Hovland på Samlaget si heimeside.



