halldis-moren-vesaas

Halldis Moren Vesaas

Halldis Moren Vesaas vart fødd i 1907 i Trysil, og vaks opp som einaste jente i ein syskenflokk på fem. Ho tok utdanning ved Elverum lærarhøgskule 1925-1928 og arbeidde så på ulike stader i nokre år, mellom anna i Sveits. I 1934 gifta Halldis Moren seg med forfattaren Tarjej Vesaas og paret busette seg i Vinje i Telemark. Dei fekk to barn, Olav og Guri.

Halldis Moren Vesaas debuterte allereie som niåring med eit innlegg i Norsk Barneblad, men den meir litterære debuten kom i 1929 med diktsamlinga Harpe og dolk. Dei neste 20 åra følgde diktsamlingar og barne- og ungdomsbøker med få års mellomrom. Utover på 1950-talet og seinare kom utgjevingane noko sjeldnare.

Vesaas skreiv også ei rekke artiklar, fleire biografiar, gjendikta og omsette for teatret, var forlagskonsulent og redaktør. Ho hadde mange verv i kulturelle institusjonar, mellom anna som styremedlem i Riksteatret 1949, medlem i Norsk Språknemnd 1952 og medlem av Norsk kulturråd 1965-73. Ofte var både tekstane og det sosiale engasjement hennar eit bidrag til å betre rettane for kvinner, som til dømes retten til eiga inntekt og ein sjølvstendig identitet.  

Vesaas hadde sin største produksjon som diktar. Dikta hennar handlar i stor grad om dei nære tinga i livet, om kjærleik, om å vere mor og kvinne, meininga med livet, og etter kvart også om døden. For teatret utførte Vesaas nærare 50 gjendiktingar frå både engelske, tyske og franske stykke, ofte store arbeid som ho brukte fleire år på. Ho leverte også meir enn 120 artiklar, reisebrev, bokomtalar, intervju, introduksjonar og anna til ei rekke tidsskrift.  

Vesaas vart enke i 1970 og flytta noko seinare til Oslo. Ho skreiv heilt til det siste. I 1995 ferdigstilte ho manuskriptet til Livshus, den siste diktsamlinga, og var festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. Same året døydde ho, 87 år gamal.

For å heidre diktaren stifta Norlis bokhandel Halldis Moren Vesaas-prisen i 1995. Prisen delast ut kvart år til ein lyrikar og/eller gjendiktar som gjennom fleire verk har markert seg med ein eigen stemme i norsk poesi.

Tekst: Trond Strømgren, publisert 12.11.2008              
Foto: Aschehoug, frå debutåret 1929

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2008   Frosken og vennene hans cd
2007   Halldis Moren Vesaas les eigne dikt cd | lydfil
2007   Eg sette brillene på min katt innb.
2007   100 dikt innb.
2003   Liv og dikt i lag innb.
1998   Å vere i livet innb.
1998   Stormen innb.
1998   Livet verdt innb.
1997   Rottefangaren frå Hameln innb.
1996 2006 Frosken er redd innb.
1995 1996 Livshus innb. | hefta
1995   Konkylie cd
1995   Framande dikt frå fire tusen år innb.
1994 2003 Ord av Halldis Moren Vesaas innb.
1994   Frosken og den framande innb.
1994 2000 Ein blomstervang for din fot innb. | cd | pakke
1994   Cyrano de Bergerac hefta
1993   Dikt i omsetjing innb.
1992   Tolvskillingsoperaen hefta
1992 1999 Fedra hefta
1991   Tartuffe eller Den skinnhellige hefta
1991   Ord over grind kassett
1991   Mine dikt innb.
1991   Aa. O. Vinjes beste innb.
1990 2007 Vandre med vers innb. | kassett
1989   Bérénice hefta
1987 1989 Så nær deg innb.
1987   Den gode gåva innb.
1983   Blomster og brød innb.
1982   Barn av Hiroshima innb.
1981   Noveller i Samtiden innb.
1980   Ein midtsommarnattsdraum hefta
1979   Med eiga lyre innb.
1979   70-åringar framfor 80-åra innb.
1978   Tidleg på våren hefta
1978   Nynorske noveller hefta
1977   Du får gjere det du innb.
1977 2009 Dikt i samling hefta | innb. | heilbind
1974   Utvalde dikt innb.
1974 2007 I Midtbøs bakkar innb. | hefta | heilbind
1973 1992 Dikt i utval hefta | innb.
1970 1995 Gudefjellet hefta | kassett | innb.
1967   Sett og levd hefta

Prisar og utmerkingar

 


 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *