Frode Grytten

Frode Grytten

Frode Grytten er fødd i 1960 i Bergen, men flytta til Odda i Hardanger som treåring. På denne vestnorske industristaden, inst i ein fjordarm mellom høge fjell, vaks Grytten opp og levde ut sine barne- og ungdomsår. Reisa ut i verda gjekk så tilbake til Bergen for å studere samfunnsvitskap. 

Undervegs i studietida tok Grytten til å skrive. I starten var drivkrafta det å prøve å meistre skrivinga og få til gode formuleringar. Tanken på publikum var langt vekke. Debuten som forfattar skjedde i 1983 med diktsamlinga Start. Etterkvart fekk skrivinga meir fokus enn studiane, og den komande romanforfattaren erkjende at han ville bruke tid på å finne dei rette orda, formulere setningar og skape litterære byggverk som kunne formidle både tankar og meiningar ut til eit lesande publikum. 

Etter den tid har Grytten skrive mykje og i ulike fora. Som ferdigutdanna cand.polit. arbeidde han mellom anna fleire år som journalist i Bergens Tidende. Han har også vore spaltist i Dagbladet, Klassekampen, Kvinner og Klær og nettmagasinet Magasinett. Frå 2001 har arbeidet som forfattar gått føre seg på heiltid, og Grytten har gjeve ut både diktsamlingar, novellesamlingar og romanar. Han bur framleis i Bergen. 

Gjennom oppveksten fekk Grytten sterke band til Odda, og fleire av bøkene hans tek utgangspunkt i miljøet på heimplassen. Nokre av Frode Grytten sine bøker har vorte svært godt mottekne av publikum. Til dømes er det trykt heile 42 000 eksemplar av romanen Bikubesong på norsk, boka har kome i 9 opplag og er omsett til 12 språk (albansk, kinesisk, kroatisk, dansk, estisk, finsk, fransk, litauisk, nederlandsk, russisk, svensk og tysk). Bikubesong har dessutan danna grunnlag for eit teaterstykke. 

I 2004 var Grytten festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela. Han har fåtte ei rekke prisar, mellom anna Brageprisen i 1999, og har vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris. 

Tekst: Trond Strømgren Publisert 10.11.08

 

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2010   Tatt av Norge innb.
2010   50/50 innb.
2009   Noveller i samling hefta
2009   Norge og andre dikt stifta
2009   Det norske huset innb.
2009   Den beste låta innb.
2008   Hallo? innb.
2008   Gabba gabba hey! innb.
2007 2008 Rom ved havet, rom i byen innb. | cd | hefta
2007   Lengselens bok hefta
2006   Sjuk av lykke hefta
2006   Prikk og Flekk snør ned innb.
2006   Prikk og Flekk bakar innb.
2005 2010 Flytande bjørn innb. | hefta | cd | lydfil
2004   Hull og sønn innb.
2003   Urmakar Pisani og paradisfuglane innb.
2002 2004 Dublin innb. | hefta
2001   Synd.no innb.
2001 2003 Popsongar innb. | hefta | cd | lydfil
2000   Eg blir her, eg drar ikkje hefta
1999   Frosken Vertigo – og det store spranget innb.
1999 2010 Bikubesong innb. | hefta | cd | lydfil
1997   Heim att til 1990-åra innb.
1995   Meir enn regn innb.
1993   80 grader aust for Birdland innb.
1990   Langdistansesvømmar innb.
1986   Dans som en sommerfugl stikk som en bie innb.
1983   Start hefta

Prisar og utmerkingar