Erna Osland

Erna Osland

Erna Osland er fødd i 1951 i Høyanger, no busett i Masfjorden i Hordaland. I 1987 debuterte Erna Osland med ungdomsromanen
Natteramnen. Osland vert rekna som ein av våre aller fremste barne- og ungdomsbokforfattarar, noko som vart markert då ho i 2004 var festspeldiktar i Bergen og i 2007 under Dei Nynorske Festspela.

 

Erna Osland er i dag forfattar på heiltid, men arbeidde tidlegare som lærar både i grunnskule og i vidaregåande skule. Sidan debuten har Osland skrive ei rekkje bøker innanfor eit vidt spekter av
sjangrar både for barn og vaksne, alt frå noveller, romanar, skodespel,
sakprosa og teikneseriar.

 

Litteraturen gjer liva våre lettare å forstå!

Kva
er det som inspirerar deg til å starte på ei ny bok? Er det ein konkret
kjennskap til at ei slik bok manglar eller er det meir intuisjon?

–  Er
vel begge deler. Først kjem lysta til å utforske eit tema. Så slår det
jo ned i meg at nokon kanskje alt har skrive ei bok om dette før. Og
dermed undersøkjer eg.
Er det ei skjønnlitterær bok, betyr det ikkje så mykje om det er bøker
om dette temaet før. Vanlegvis er det det. Romanar vil bli ulike sjølv
om dei tar opp same problemstilling. Er det ei fagbok eg vil skrive, må
eg vurdere annleis. Eg må finne ut om dei bøkene som alt er skrivne om
det påtenkte emnet, er fullgode. Kan eg tilføre noko? Eg synest jo det
er viktig at bøkene kan lesast av barn og unge. Så det første
spørsmålet eg må stille, er:
Er det skrive ei bok om dette emnet som unge lesarar kan skjønne og ha
glede av?

For tida skriv eg ei fagbok om søvn for rett små barn. Klart det er
skrive bøker om søvn før, men ikkje for dei minste, dei som kvar kveld
prøver å overbevise foreldra om at dei ikkje treng å sove. Det skal bli
moro å fortelje dei det er nett det dei treng, og dei er ikkje aleine
om å trenge det. Eg er så heldig å få Inge Lise Belsvik som illustratør
til denne fagboka. Teksten er mest ferdig, no går eg og gler meg til å
sjå illustrasjonane!


Du skriv både skjønnlitteratur og faktabøker, fortel om
korleis dei ulike sjangrane er å jobbe med. Har du svært ulike
tilnærmingsmåtar til arbeidet med ei faktabok enn til dømes ein roman?


Eg nærmar meg begge sjangrane på same måte. Eg snusar meg fram. Eg
oppdagar noko som eg ikkje heilt forstår. Men –  eg vil finne ut av
det! Blir det ei faktabok av det eg undrar meg over, begynner eg å
samle informasjon, eg hamstrar på eit vis. Eg leitar og byggjer opp eit
lager. Eg les, eg googlar, eg ringjer til folk. Eg skaffar meg
informasjon på alle mogelege vis. Dette er forresten ein svært hyggeleg
del av arbeidet. Folk er utruleg sjenerøse med kunnskapen sin. Dess
meir dei kan, dess meir hjelpsame er dei.
         Om det no viser seg at det skal bli ei skjønnlitterær bok,
leitar eg meir i det stille. Eg snakkar helst ikkje om det. Eg leitar,
les og lyttar. Eg tenkjer på personane mine. Og når eg ser dei slik
nokolunde klart, begynner eg å skrive. Alt eg skriv er hemmeleg. Eg
spør ingen. Eg berre skriv og skriv. Til dess det boklege universet er
klart, først da slepper eg redaktøren min inn. Og så er det å arbeide
vidare. Det tar lang tid å skrive ein roman.

Bøkene dine er ofte rikt illustrert, korleis føregår samarbeidet mellom forfattar og illustratør?
Fagbøkene mine er illustrerte. Illustrasjonen er jo nyttige om
ein vil forklare eller syne noko. I boka Skarpe tenner har Marvin
Halleraker teikna ein hai som bit seg gjennom teksten og er klar til å
glefse i seg lesaren også.

Har du eit slags testpanel av unge lesarar som kjem med
innspel på bøkene dine under arbeid eller er det først når boka kjem ut
du får responsen?

Nei, eg skriv som dei som skriv for vaksne. Eg skriv slik eg
sjølv meiner boka skal vere. Det er den vaksne forfattaren som skriv,
ikkje barnet i meg. Men eg veit sjølvsagt koss det er å vere barn. Nett
som dei som skriv for vaksne, veit koss det er å vere vaksne. Eller
barn.  Det er ikkje noko skilnad her. Skilnaden mellom meg og
forfattarar av vaksenlitteratur er at eg heile tida veit at det eg
skriv, må leggjast til rette språkleg for ein som ikkje har lese i så
mange år. Og ikkje har levd i så mange heller. Du kan samanlikne
skriving med å lage radioprogram: Dei ulike kanalane har ikkje ulike
tekniske løysingar, programma blir laga på same måte, men dei rettar
seg likevel til ulike lyttarar.

Korleis opplev du å reise rundt og formidle frå bøkene dine, gir det inspirasjon og kan hende idear til vidare arbeid?


Mest av alt blir eg inspirert av at språk betyr så uendeleg mykje for
barn og unge.  Vaksne har lenge diskutert om unge – og spesielt gutar –
les for lite. Skriftspråket har dei i alle fall eit tett forhold til.
Gutar som jenter skriv kvar dag! Aldri har unge skrive så mykje som no!
Dei skriv på pc-ar og mobilar. Eg opplever det som om skriftspråket
står sterkare enn nokon gong. Og kjem eg til skolar for å ha
skrivekurs, er det ikkje vanskeleg å få barn og unge til å skrive! Dei
er modige og kastar seg inn i nye tema og utprøver ukjende former. Og
så kan ein jo gi dei moglegheit til å arbeide vidare med lesing av
ulike bøker.

Korleis trur du oppveksten din i Høyanger påverkar forfattarskapet ditt?
Ein sluttar å vere barn, men ein ber barndommen med seg. Så
barndom er viktig for alle liv – og i alle forfattarskap. Eg var så
heldig å vekse opp i Høyanger – ein ørliten by, eit oversiktleg
samfunn, ein minimodell av verda og livet. Klart det har gitt meg
innsikt og erfaringar som eg aldri skubbar frå meg. Dagleg bruker eg
erfaringane mine som barn for å takle og forstå mitt vaksne liv.


Kva betyr det å skrive på nynorsk for deg?


Eg veit ikkje om anna. Så eg tenkjer ikkje på det, eg berre skriv.

 

 

Skrivinga
mi, tenkjer eg, er med på å gi barn språkleg dugleik. Denne dugleiken
som er så viktig for å forstå både seg sjølve og andre. Og dette får
altså eg vere med på ved å skrive for barn og unge.
Det er
den høgste anerkjenning!

 


 

Det er mykje snakk om at det å skrive barne og
ungdomslitteratur ikkje er like anerkjend som det å skrive
vaksenlitteratur, har du nokre kommentarar på det utifrå di erfaring?


Om ein med anerkjenning meiner at ein får lange og mange omtalar i
aviser og litterære tidskrift, så er anerkjenninga lita. Om ein synest
at det er viktig at det ein skriv, betyr noko for å utvikle språk –
både det å lese, skrive og snakke, kan ein vere stornøgd. Tekstane mine
blir brukte i svært mange leseverk – på mange trinn. Det er gler meg.
Skrivinga mi, tenkjer eg, er med på å gi barn språkleg dugleik. Denne
dugleiken som er så viktig for å forstå både seg sjølve og andre. Og
dette får altså eg vere med på ved å skrive for barn og unge. Det er
den høgste anerkjenning! Slik tenkjer eg på skrivinga mi. At ein del
journalistar og litteraturvitarar ikkje har oppdaga kven dei ivrigaste
lånarane og lesarane av bøker i vårt land er, må dei sjølve svare for.

Har du eit nytt bokprosjekt på gong som du kan gje eit hint om til Bokdykk sine besøkande?

Åja, eg er nett ferdig med ei bok om ei gut som gjer ei eventyrleg
reise. Det står på liv og død. Eg vil føre unge lesarar inn i ei
spennande forteljing om eit viktig og vanskeleg tema: å kunne leve godt
med tanken på at vi skal dø. Eg vil flytte døden inn i livet igjen, for
å gi perspektiv på livet. Og derfor har eg latt reisa gå til Egypt, til
den gamle kulturen der døden var ein del av livet. Det har vore
vanskeleg å skrive denne boka fordi temaet er tabuert. Den naturlege
død er tabu, samtidig som vi blir overlessa med dramatiske soger om
mord. Mordgåter står som mygg i sommarkvelden, mens den “vanlege visse
død”, den som livet kvar dag, kvar stund, fører oss mot, den gøymer vi
under alle desse høgdramatiske sogene. Men eg vil altså at vi skal ta
førestillinga, tankane og snakket om døden tilbake i liva våre, nettopp
for å gjere livet rikare.
Klart det er vanskeleg å skrive om dette for barn. Men det gjer det ikkje mindre viktig å få det til på eit ordentleg vis.
Og eg har altså gjort eit forsøk med Den uendeleg reisa som snart skal
i trykken. Eg les korrektur nett no og ser for første gong vignettane,
teikn frå dei gamle egyptarane sitt skriftspråk, vakkert gjenskapte av
Mikkel Gruner.

Kan du anbefale nokre bøker til Bokdykk sine leseglade
besøkande, gjerne tre i vaksensjangeren og tre i frå borne og
ungdomslitteraturen. Og skriv litt om kvifor du vil anbefale akkurat
dei.


Tre av kvar?
Enn om eg nemner seks for alle? 

1. Bøkene om frosken av Max Velthuijs
Små bøker om store og viktige ting: sorger, gleder, forelsking og
vennskap. Alle kan lese desse bøkene. Spesielt fine er dei å lese liten
og stor saman.

2. Dustefjertbøkene til Rune Belsvik. Dei er litt som froskebøkene.
Men har enda meir tekst og altså enda meir å glede seg over for den som
liker å gå på språkleg skattejakt.

3. Jungelord av Helga Gunerius Eriksen. Ei bok om ord – og om å finne seg til rette i jungelen av kjensler.

4. Og låste med en hengelås av Marit Kaldhol. Ei god bok å lese når livet blir for stritt.
Ja, elles også. Men særs god å ta til når det buttar imot som verst.

5. Elefantmusikken av Ragnar Hovland.
Poesi for alle om det meste.

6.
Black and Decker og 20 andre historier.

Ei samling svært ulike historier. Altså litt for heile familien. Alle tekstar er av finfin Økland-årgang.

 

 

 

 

 

 

 

 

– Og det er vel det vi vil
litteraturen skal gjere: syne oss noko, gjerne noko som gjer liva våre
lettare å forstå. Og kjekkare!

 

Om vaksne absolutt må ha noko for seg sjølve,  så kan dei ha Alice Munro
lur. Ho skriv noveller – korte og lange, tilsynelatande kvardagslivege
historier som loddar uendeleg djupt. Og det er vel det vi vil
litteraturen skal gjere: syne oss noko, gjerne noko som gjer liva våre
lettare å forstå. Og kjekkare!

 
 

 

Tekst: Silje Jansen Nybø Publisert 06.10.09

 

 

 

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2010   Sov søtt, herr Spiss innb.
2010   Brevet frå havet innb.
2009   Den uendelege reisa innb.
2008   På liv og død innb.
2008   Perlepappaen innb.
2008   Juleglimt innb.
2008   Dyrebare venner innb.
2007   Rekneprinsen innb.
2006   Fint å ha far innb.
2006   Du er vel vakker innb.
2006   Den farlege reisa innb.
2005   Skarpe tenner innb.
2005   Perfekte par innb.
2004   Nær nok innb.
2003   Berre du som veit innb.
2001   Rid i natt innb.
2000   Ligge på vinden innb.
2000   Hår i millionar år innb.
1999   Salamanderryttaren innb.
1998   Sju-ni-tretten innb.
1998   Sikkert som S innb.
1998   Kattespranget innb.
1997   Under påskemånen innb.
1997   Svimmel innb.
1997   Det sjette grepet innb.
1996   Mysteriets rose innb.
1996   Ivar Aasen innb.
1996   Farlig mørke innb.
1996   Farleg mørker innb.
1995   Matti og den store stjernepassaren innb.
1995   Blindt mysterium innb.
1994   Ringer i blod innb.
1994   Ringar i blod innb.
1994   I grevens tid innb.
1993   Ulvens skugge innb.
1993   Tunnelkjøreren innb.
1993   Tunnelkjøraren innb.
1993 1995 Svart hane innb. | kassett
1993   Hauk over hauk innb.
1992 1994 Søte drops og skarpe knivar innb. | kassett
1992 1994 Ellinor innb. | kassett
1991   Reisa til Maria innb.
1990 1992 Kryssord innb. | kassett
1990   Bruke havet innb.
1989   Noas løve innb.
1988   Frekke Fritjov og jenta med den ovale navlen innb.
1987   Natteramnen hefta

 

Prisar og utmerkingar