einar-Økland

Einar Økland

Einar Andreas Økland er fødd i 1940 i Sunnhordland, nærare bestemt i Valevåg, om lag fire mil nord for Haugesund. Han vaks opp i eit typisk vestnorsk lokalsamfunn, prega av etterkrigstida, skule og kyrkje, og lytting på utanlandske radiosendingar. 14 år gamal flytta han vekk frå bygda for å gå på handelsskule i Haugesund.

I tenåra oppdaga Økland lyrikken og kunstlitteraturen. I ei tid der andre ungdomar fokuserte på heilt andre tema, gav denne type litteratur han innpass i ei ny verd. Som Einar Økland sjølv seier det: ”Litteraturen var ein stad å vere. Det synte seg etter kvart at det var ingen annan stad eg passa inn.”

Økland er utdanna psykolog. I studietida debuterte han i 1963 med diktsamlinga Ein gul dag. Han fann fort ut at litterær produksjon gav livet meining, og sia 1966 har hovudvirket vore som forfattar. Einar Økland har også arbeidd mange år som forlagskonsulent. Han var sentral i kretsen rundt det litterære tidsskriftet Profil, og i 1992 var han festspeldiktar for Festspela i Bergen.

Økland har leverte ein svært allsidig og omfattande produksjon av barne- og ungdomsbøker, dikt og drama, romanar, essaysamlingar og faglitteratur. Den ekte og oppriktige opplevinga av ordet som arbeidsreiskap, og den store breidda i forfattarskapen, har gjeve Einar Økland ei rekke prisar og utmerkingar. Mange av prisane er svært prestisjetunge.  

Etter 45 års forfattarskap er Einar Økland framleis like aktuell, og nye idear og tankar vert formidla av hans høgre hand som til dels framleis nyttar papir og penn som arbeidsreiskap. Denne mannen sluttar aldri å overraske, og i 2006 fekk han til dømes Kari Skjønsbergs pris til fremme av forsking om barne- og ungdomslitteratur. Grunngjevinga var mellom anna: ”Juryen voner at denne prisen kan få forskarsida til å sjå det eksemplariske i Øklands forskarverksemd. Prisen er såleis ikkje meint berre som ein heider til Einar Økland, men også som ei oppmoding om eit opnare og dristigare syn på kva som er forsking innanfor barne- og ungdomslitteraturen”.

Etter mange år med ulike adresser rundt om i Noreg, og også i Spania, slo Einar Økland seg i 1985 ned på heimplassen i Valevåg. Sia Einar Økland har vore mykje på flyttefot, kan han ikkje skuldast for å ha hatt ei eller anna utømmeleg kjelde av inspirasjon i nærleiken av bustaden. Denne kjelda må derimot finnast i djupet av han sjølv, for som han seiar: ”Ofte skriv eg spontant og utan medviten planleggjing. Bøker har blitt til på kort tid – ei til to veker – og har blitt nedteikna som i ein rus, som om tida stod stille.”

Tekst av Trond Strømgren Publisert 09.11.08 

 

Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2011   Smil utan smilar innb.
2010   Forteljingar og fablar frå andre tider innb.
2008   Kant-i-kant innb.
2008   Juleglimt innb.
2008   Damsleth innb.
2006   Krattet på badet innb.
2006   Black and Decker og 20 andre historier innb.
2005   Den blanke bjølla innb.
2003   Rottenes plan innb.
2003   Poetiske gleder innb.
2002   Dikt i utval innb.
2001   Kjøkkenheisen hefta
2001   I tilfelle nokon spør innb.
2001   Det norske reklamebildet innb.
1999   Th. Kittelsen innb.
1999   Menneskesønnen innb.
1999   Etter Brancusi innb.
1999   Dine henders verk innb. | kassett
1997   Svarte norske innb.
1997   Frå helling via hylling til halling innb.
1996   Ord om ord hefta
1996   Norske bokomslag 1880-1980 innb.
1996   Einar Økland les Einar Økland cd
1995   Elias Blix’ beste innb.
1994   Heile tida heile tida innb.
1993   I staden for roman eller humor innb.
1993   Dikt i samling hefta
1992   Siste time innb. | kassett
1992   Pennen den blå innb.
1991   Når ikkje anna er sagt innb.
1989   Walkman innb.
1989   Per Krohg som illustratør hefta
1989   Måne over Valestrand hefta
1988   God dag innb.
1988   Den dumme innb.
1988   Brevmerke på norsk post hefta
1986   Reklamebildet innb.
1986   Mellom himmel og jord innb.
1984   Her er ingen papegøye kartonert
1983   Blå roser hefta
1983   Barn og lesning hefta
1982   Snøsteinen hefta
1982   Nå igjen hefta
1982   Egg til alle innb.
1981   Høydepunkt. Bd. 3 innb.
1981   Høydepunkt. Bd. 2 hefta
1981   Frå bokhylla 2 hefta
1981 1988 Ein god dag innb.
1981   Ei ny tid innb.
1981 1992 Amatøralbum hefta
1980   Gutter i røyk hefta
1980   Gutar i røyk hefta
1979   Skrivefrukter hefta
1979   Romantikk hefta
1978   Sikk-sakk hefta
1978   Frå bokhylla 1 hefta
1976   Kven veit? Seint i april, tidleg i mai innb.
1975   Den blå ringen hefta
1975   Bronsehesten hefta
1974 1991 Stille stunder hefta
1972   Gull-alder hefta
1971 1998 Galskap innb. | hefta
1968 2010 Vandreduene hefta | innb.
1968   Georg, sit du godt? hefta
1966   Mandragora hefta

Prisar og utmerkingar

 


 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *