Edmund Austigard

Edmund Austigard

Edmund Austigard vaks opp vel tre mil nordaust for Stavanger, nærare bestemt i Årdal i Hjelmeland kommune i Ryfylke. Han er fødd i 1964 og budde på Solbakk i Strand kommune før familien flytta til Årdal. Austigard har ein bachelorgrad frå BI og MBA (Master of Business Administration) og MIM (Master of International Management) grad frå Thunderbird School of Global Management i Phoenix, Arizona, USA. Han har yrkesbakgrunn frå media/internett og finans, mellom anna frå Telenor. Han er no busett i Oslo og jobbar som leiar for Den norske Bokdatabasen.
 
Humor og elleville skildringar har vorte Edmund Austigard sitt varemerke etter at han debuterte med romanen Krinsreglane i 2005. Romanen kom ut på Samlaget og tek utgangspunkt i dagleglivet i heimbygda Årdal i åra 1924–25. Boka fekk gode kritikkar, og Merete Røsvik Granlund i Dag og Tid kunne til dømes melde at ”Edmund Austigard har skrive den snålaste, gøyaste og mest interessante boka eg har lese på lenge.”

To år seinare kom Austigard si andre utgjeving, romanen Taxi for B. A. Beckstrøm – eller kunsten å danse på furu. Og nok ein gong var det lovord frå kritikarane. I boka serverer Austigard lesarane ei historie der den 92 år gamle B. A. Beckstrøm legg ut på ei reise han skulle ha gjort for 50 år sia. Undervegs i den sprelske handlinga dukkar så dei mest originale personlegdomar opp. Etter å ha lest romanen konkluderer Gerd Elin Stava Sandve i Dagsavisen med at ”Edmund Austigard høyrer til i det absolutte tetsjiktet i det sterke nynorske humorfeltet.”  

Ta del i Edmund Austigard sine tankar og meiningar

Har lesing i ung alder hatt nokon samanheng med at du no er forfattar? 
Lesing absolutt. Men endå viktigare og tidlegare, å bli lest for. Eg vaks opp i ein historieforteljande familie, og i eit miljø der ein samtale utan ei god skrøne ikkje var rekna som ein samtale. Far las for oss: Rasmus Lølands bøker og ikkje minst Engvald Bakkans fantastiske Bjørnen, reven og Pinn-Ola på eventyr, som kom på Fonna Forlag. Det blir klaga frå profesjonelt hald at barnelitteraturen må fornyast. Det er nok ikkje så sikkert at den jamne femåring ser det er like påkravd som litteraturekspertane. Desse gamle bøkene opna døra til den frie fantasiens rike for meg. Og det var nok den utløysande krafta. Eg leita ikkje etter ein ny vri på det verkelege i den alderen, men kicka på det fantastiske, det magiske, det som gjorde meg fri frå det verkelege.
 
Var det bøker som gjorde særleg inntrykk på deg i ungdomstida? Og kvifor? 
Her først fanga det verkelege meg. Militærjakka og peace-button, nei til atomvåpen. Fløgstads Dalen Portland og Fyr og flamme var viktige. Og Uår av Faldbakken. Loven vest for Pecos, som vi rett nok ikkje forstod alt av. Ein lang epoke i det moderne Noreg nærma seg ei avslutting. Industrien vakla, kulturomgrepet var redefinert. Fløgstad blanda høgt og lågt: eg elskar opera når den kjem til meg i bystøyen frå ein transistorradio i eit vindauga i fjerde etasje. Omlag slik skreiv han det. Og det var berre å bukke. Slik kan ein gjere det. Slik er det, endringa kjem vår veg, dette blir løye. Og det blei det.
 
Kva er din viktigaste motivasjon for å skrive? 
Eg ser på det eg har levert og tenkjer at det handlar om å beskrive samfunnet i endring. Og dermed korleis dette gir seg dei mest uskikkelege utslag i enkeltmenneskets liv. Det ligg noko tungt på botn av skrivinga mi. Noko som skrapar borti grunnfjellet her og der. Det handlar ofte om identitet. Kanskje det viktigaste som finst. Vi har alle våre metodar, og humoren er nok aller mest eit litterært grep for å få fram det eg vil seie. Noko slikt. Det er vanskeleg å fri seg frå kjensla av å vere fanga av dei overgripande systema ein sjølv bidrar til å skape og seinare halde liv i. Vi tenkjer alle at vi er store og einerådige fyrstar i våre eigne liv. Men dei aller fleste av oss vil fort bli avslørte som djupt tragiske eller hysterisk (absurd) komiske med ei skeiv linse på oss. Så pass på, neste boka handlar kanskje om deg eller nokon nær deg. 
 
Kan du hugse kva som gjorde at du bestemte deg for å starte på, fullføre og gje ut debutromanen Krinsreglane? 
Farfar, Edvard Austigards, levandegjering av 20-talet var startskotet til dei første forteljingane som blei til Krinsereglane. Ein heller bizarr grillfest arrangert av Sons of Norway ute i Arizonaørknen i 1990 trigga nokre nye kapittel. Eg las kapitlet om stovekrinsing på Josefines Vertshus under eit Forfatterne Kommer arrangement i 1999. Applausen tok ingen ende, og Jo Eggen og Hans Sande sa eg burde sende teksten til eit forlag. Eg forstod då og der at noko så sært som ein lokal skikk hadde universal gyldigheit.
 
Kva tenkte eller følte du då du hadde Krinsreglane ferdigtrykt i hendene for første gong? 
Eg samanlikna ho med bøkene i bokhylla mi og fann ut at ho var tjukkare enn dei fleste eg hadde. Etterpå sette eg ho inn mellom Fyr og flamme og Sveve over vatna. 
 
Du jobbar som leiar for Den norske Bokdatabasen til dagleg og har dermed ei god oversikt over ny norsk litteratur. Dei siste åra har det nærast fløymd over av til dømes illustrerte kokebøker og reiseskildringar. Er det nokre bøker du saknar på marknaden? 
Etterspurnaden etter kokebøker og reisebøker betyr mykje for bok-Noreg økonomien. Og dermed for breidda og mangfaldet. Tilsiget av nye bøker med alle utgåver var i 2007 på nær 10 000 ISBN. Totalt har norske netthandlarar omlag 70 000 norske ISBN frå omlag 950 forlag dei kan marknadsføre og selje. Det står med andre ord bra til med utvalet. Og eg er viss på at det fins mange nok lesarar til dei fleste av dei. Utfordringa er å matche rett lesar med rett bok. Det blir mykje lettare ved aktiv bruk av nettet. Skriv ein ei bok om mopedens plass i samtida fins det både Tempo- og Puchklubbar på nettet (www.tempo-online.net/ og www.storm-support.com). Som marknadsførar kan ein ikkje sjå bort frå potensialet som fins nokre tastetrykk unna. På andre sida må ein spele etter nettreglane. Så enkelt, og så vanskeleg. 
 
Kva gjer arbeidet ved Bokdatabasen med forfattaren i deg? Blir du inspirert til meir skriving eller får du litterær overdose kvar dag? I fall inspirasjon – har du noko på gang? 
Sidan eg las på meg overdose av Tex Willer og Lucky Luke i eit forsøk på å lage cowboyteikneserie i 1978 har eg alltid ein ide under inkubasjon. Men det er heldigvis travle dagar i bokbransjen og interessa for forretningssida av bransjen er minst like stor som for den litterære. Til saman undertrykkjer dette dei mindre gode ideane. Og lar dei få utvalde få bløme i like utvalde og seine kveldstimar. Eg er overbevist om at eg hentar avgjerande inspirasjon frå å vere i full gang på jobben. Dess meir som står på dess større produksjon verkar det som. Men det spelar nok liten rolle i den samanheng om jobben er i Telenor eller bokbransjen. 
 
Framtida formast av ungdommen, også i den litterære verda. Mange potensielle forfattarar tør ikkje sende inn sitt manus, dei er redde for å verte avviste av forlaga. Kva for råd vil du gje ungdom som sit rundt om i skapa og skriv? 
Dei må gjerne ta kontakt, eg skal svare så langt eg kan. Mi erfaring er at skriveverkstadane på nett er supre. Eg fekk gode råd og vann mykje sjølvtillit på å leggje ut tekstar, få kommentarar, kommentere andre sine tekstar og bli ein del av eit miljø. Eg er eigentleg overraska over at dei store forlaga ikkje driv eigne skriveforum eller skriveverkstader på nett for å plukke opp og vidareutvikle talent på ein uforpliktande måte.
 
Kan du anbefale Bokdykk sine lesarar fem bøker? Og som på skulen – grunngje svaret.
Nå listar eg meg forbi dei eg har nemnt over. 
-Innsirkling, Carl Frode Tiller. Dette er etter mi meining litteratur i særklasse. Dialogane, karakterane, stemninga. Alt. Ingen over ingen ved sida.
-Kaninbyen, Arild Rein. Stavanger frå baksida. 
-Haust, -vinter, -vår, – og sommarvrimlebok frå Samlaget. Superhit hos dei minste. Store detaljrike illustrasjonar som gir flotte parallelle forteljingar. Mine to gutar på 2 og 4 får ikkje nok av desse fire bøkene.
-Vente, blinke. Gunnhild Øyehaug. Eg las Knutar og tenkte at dette er den nye og spennande litteraturen. Nå er det berre å kaste seg over Øyehaugs første roman.
-Siss og Unn, Inger Bråtveit. I debuten Munn mot ein frosen fjord viser Inger Bråtveit at ho er kongen av det flotte og poetiske romanspråket. Her er det berre å glede seg til forsetjinga.
 

Intervju av Trond Strømgren  Publisert 13.11.08


Bibliografi

Utg. Nyutg. Tittel I sal
2009   Jakta på Bjednekniven innb.
2007 2008 Krinsereglane innb. | hefta

Prisar og utmerkingar