Boktips

Boktips

Bokdykk har som mål å vere flinke til å formidle gode lesaropplevingar og godt lesestoff. Vi veit at det kan vere utfordrande å velje ut bøker blant mylderet av boktitlar. Og difor vil vi her samle alle dei beste boktipsa som vi og fleire bokglade meiner er verd å lese. Kanskje finn du inspirasjon og ei bok du har lyst på? Tipsa finn du i menyane til venstre.

  • Boktips frå Hilde K. Kvalvaag

    Hilde K. Kvalvaag har fått både Bragepris og Nynorskpris for den siste romanen sin Fengsla. Her deler ho nokre boktips med deg.

    (08.02.2011)

     

  • Boktips frå Erna Osland

    Erna Osland er aktuell med si nye ungdomsbok Den uendelege reisa, men ho går ikkje av vegen for å tipse om andre bøker som gir leselykke! Vi har fått forfattarens boktips for heile familien.

     

    (06.10.2009)

     

  • 3 anbefalte av Agnes Ravatn

    – Kva for ei bok har betydd mest for deg? Bokdykk stiller spørsmålet til Agnes Ravatn.
    – Ops, dette var
    vanskeleg. Som barn er jo alle opplevingar større enn som vaksen, så eg trur eg
    vil svare: Dustene
    av Roald Dahl. Eit eintydig negativt portrett av to vaksne, stygge idiotar.
    Akkurat slik bør barnelitteratur vere.

    (10.09.2009)

     

  • 3 anbefalte av Are Kalvø

    Are Kalvø synes desse bøkene er verd ei anbefaling.

    (21.07.2009)

     

  • Lesetipsstafett: Førde bibliotek tipsar om barnebok

    Denne gongen tipsar biblioteket om ei flott barnebok.

    (20.07.2009)